Klaging

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200533 at pvv.ntnu.no
Fri Aug 19 11:33:03 2005


I artikkel <slrndgb72d.hgg.sveinhal+trusa@sylow.math.ntnu.no>
skreiv Svein Halvor Halvorsen <sveinhal+trusa@buksa.stud.math.ntnu.no>:

> Og likesom alle vet at en rettsak i tingretten
> er mindre nøye enn en tilsvarende behandling i høyesterett, ser jeg for meg
> at det samme gjelder for karaktersetting.

Medan høgsterett gjerne ser på andre forhold enn dei som opphavleg vart 
lagde til grunn, og konsentrerer seg om ein bitteliten del av 
«karaktergrunnlaget», fungerer ei klagesak slik:

Det vert oppnemnt ein ny sensurkomité. Denne komiteen veit ingenting om 
korleis den førre sensuren gjekk, og heller ikkje kvifor det gjekk som det 
gjekk. Klagekomiteen gjennomfører ein ny sensur, fullt og heilt, og utan å 
konsentrera seg om utvalde detaljar framfor andre.

Klagesensuren er meir grunding på den måten at det er fleire som les (i 
motsetnad til vanleg sensur, der det reformerte kvalitetsomgrepet har 
fjerna den eksterne sensoren), men til gjengjeld veit dei i praksis mindre 
om pensumkrav og om kva som er venta av kandidaten. Dette kan slå ut begge 
vegar.

Faglærar kan skriva ei sensorrettleiing, men dette _kan_ vera problematisk 
når ein veit at førre sensor var nettopp faglærar. Hugs at den nye 
komiteen ikkje skal vita noko om kvifor det gjekk som det gjekk sist.

> Men når faglærer retter en eksamen bruker han kanskje 10 minutter på hver
> besvarelse.

Eg har vel vore oppe i ein time pr. kandidat, ja, i tillegg til den tida 
det tek å bestemma seg konkret for kva nivå kandidaten ligg på. Ti minutt 
har eg vore nede i berre på særs greie og enkelt kvantifiserbare svar frå 
kandidatar der eg hadde ansvaret for berre 25 % av eksamenen.

> I de fleste tilfeller er nok faglærer så rutinert at han gir rett karakter 
> første gang,

Skal ein finna ut om ein kandidat har «ei viss» (D), «relevant» (C), «god» 
(B) eller «svært god teoretisk innsikt» i noko (A), er det nok sjeldan 
rutinen som avgjer kor fort det går å vurdera det.

Jardar