Normalfordeling med 5 kandidater!
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200421 at pvv.ntnu.no
Fri May 28 15:51:03 2004
I artikkel <c97eqo$57s$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv Bjørn B. Larsen <bjorn.b.larsen@fysel.ntnu.no>:
> Ingen studenter er tjent med at alle får A.
Det er jo rett nok.
På ei anna side: Dersom målet er t.d. å gjera denne NTNU-dingsen til den
beste dingsen i landet, her medrekna undervisning og oppfylging, og dersom
målet er å lokka til oss dei flinkaste studentane (slik nokon sa i ein
tale på festmøtet i dag): Korleis kan ein dokumentera at målet er nådd,
utan at det skjer ved å kunna visa til eit relativt høgt karakternivå
samanlikna med andre universitet?
Dersom alle universiteta har si eiga, interne normalfordeling (gjerne over
tid og i stort perspektiv), so vert det jo umogeleg å skilja mellom
universiteta.
Før i tida vart jo karakterbruken samordna universiteta imellom gjennom
utveksling av sensorar. Men so fekk me reformert kvalitetsomgrepet vårt,
og no skal samordninga i staden skje ved hjelp av kvalitetsmagi.
Jardar