Clemet vil kutte ut nynorsk

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200411 at pvv.ntnu.no
Wed Mar 17 09:51:03 2004


I går såg eg eit ord på fjernsynet som vart teksta med «nyttighet» i 
staden for «nytte». Er dette vanleg i bokmål?

Eg spør fordi det gleid fint inn hjå sambuaren min, medan eg vart like
forfjamsa som eg ville ha vorte om eg såg «grønnhetsaktig» i staden for
«grønn». Men no veit eg jo at «han tala med mynde» heiter «han talte med
myndighet» på bokmål, då.

På ei anna side skal det ikkje mykje til for å forfjamsa meg.

Jardar
-- 
Ja til demokrati.
(Kjære rektor, fortel meg om eg bør fjerna denne signaturen.)