Clemet vil kutte ut nynorsk
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200410 at pvv.ntnu.no
Fri Mar 12 16:36:03 2004
I artikkel <mailman.1079101925.66229.fritt-forum@list.pvv.org>
skreiv Tollef Fog Heen <tfheen@stud.ntnu.no>:
> For en del (undertegnede, f.eks :) vil det være svært unaturlig å
> gjøre dette. Jeg har tilnærmet ingen a-endelser i språket mitt, jeg
> ville aldri finne på å si «ho», «ikkje» eller andre typiske
> nynorsk-ord.
Dette med likskap til eige talemål er eigentleg ikkje so viktig som somme
nynorskbrukarar vil ha det til. I Stavanger har dei jo både a-infinitiv og
det eine med det andre, men dei skriv bokmål. Småbispan (skulekorpset på
Bispehaugen) har mottoet «No kjæm vi» på dialekt. Ikkje på nynorsk,
sjølvsagt, for det er fyfy, men dialekt er OK. På bokmål heiter det «nå
kommer vi», på nynorsk «no kjem vi», og som alle veit, vert [æ] gjerne
stava med bokstaven «e». Ja ja.
Nei, det som gjer om ein kjenner seg heime i bokmål eller nynorsk, er noko
heilt anna enn likskap med eigen dialekt. Det er rett og slett vanen. So
er du van med bokmål, er det etter mitt syn heilt legitimt å seia at det
er difor du føler deg mest heime i bokmål. :)
Jardar
--
Ja til demokrati.
(Kjære rektor, fortel meg om eg bør fjerna denne signaturen.)