Clemet vil kutte ut nynorsk

Sigurd Gartmann gartmann at pvv.ntnu.no
Thu Mar 11 10:51:03 2004


On Sat, 06 Mar 2004 10:19:18 +0000, Jardar Eggesbø Abrahamsen wrote:

> Og so skal eg laga eksamensoppgåver berre på hovudmålet mitt,
> eventuelt med ein sidemålsvariant som er like ille som mange
> nynorskutgåver er i dag. Då vil studentane føla seg ekstra
> komfortable, for då finst det ikkje språktvang å utsetja faglæraren
> for eingong. Likskap og harmoni! :)
> 
> Studentane mine vil garantert ikkje ha problem med ord som «ovre» og
> «røynsle», som til og med å er finna i Bokmålsordboka. ;)
> 
> Feilfri sidemålsvariant (bokmål): «Hvorledes meiner
> junggrammatikerene at fonologiske forandringer ovrer seg, og hva er
> røynslene våre i dag?»
> 
Dersom studentane dine ville hatt sånne problem, har dei ikkje noko å
gjera hos deg.

Det hadde vore moro om vi hadde fått sjå eit døme på ei lang og
forkrøpla (men feilfri) oppgåve på minst ei halv side, skrive på
ekkel nynorsk. (Då meiner eg med eit språk som grensar opp mot sognamál
e. l..) 

Nokre frivillige? Jardar sine oppgåver er for korte og konsise, og
studentane veit kva dei svarar på.

Utan sidemålsversjon hadde dette vore spennande, og eg trur vi fort hadde
fått folk til å snu i saka.

Eg skal vedgå at eg gløtter i nynorskversjonen av eksamensoppgåver
fordi ein eller annan professor ikkje klarer å skrive sitt eiget språk
ordentleg, mens oversettinga til nynorsk kan vere kort og konsis.


Sigurd
(utan trening i å skrive «riktig» norsk)