telefonkatalogen
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200417 at pvv.ntnu.no
Wed Apr 28 15:01:04 2004
No har eg prøvt http://www.1890online.no/, og eg tykkjer at det er ei god
teneste. Det er berre to ting eg saknar:
1) yrke
2) litt færre treff av og til
Då eg søkta på «Universitetet i Oslo», fekk eg 282 treff, og sentralbordet
fann eg ikkje før på treff 47 (side 5). Til samanlikning gjev
opplys.uninett.no berre sju treff, og sentralbordet er det fyrste nummeret
som dukkar opp.
Og elles, so vil 1890 ha stor forbokstav overalt. «Universitetet I Oslo»,
liksom.
Jardar