veslebor Håvard (var: Jardar - aka Storebro ser deg)
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200417 at pvv.ntnu.no
Tue Apr 27 10:46:04 2004
I artikkel <c6l3q4$355$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv Håvard Ravn Ottesen <havard.ravn@ottesen.com>:
> > Jau, eg har all forståing for at Datatilsynet er noko skeptiske til
> > praksisen.
> Til tross for at du skjøner skepsisen, meiner du målet heilager middelet?
Nei, har eg gjeve uttrykk for ein slik ideologi? Då har eg nok uttrykt meg
for diffust. Difor skal eg uttrykkja meg meir kategorisk denne gongen:
Jau, eg har all forståing for at Datatilsynet er noko skeptiske til
praksisen.
> Å finna navn på slektsbilete ved opplysninga og skattelistene er verdt å
> reklamere for?
Eg håpte og trudde at folk såg på det som eit døme på noko lovleg og
nyttig som ein kan gjera dersom eit system er brukarvenleg og i tillegg
fungerer som det skal (alt i motsetnad til telefonkatalogen.no). Dersom
skattelistene forsvann frå nettet, ville eg ha full forståing for det,
sjølv om det ville innebera at eg måtte taka nokre fleire telefonar.
Eg kan i tillegg nemna at skarp kniv er kjempenyttig når ein skal eta
biff, og at eg difor aldri ville ha brukt ein kantinekniv til slikt. (Men
jau, eg er skeptisk til den uheldige effekten at skarpe knivar gjer det
enklare å utøva kriminelle handlingar.)
Her meiner eg faktisk at målet «å eta biff» helgar middelet «å bruka skarp
kniv», men berre so lenge den skarpe kniven vert brukt på lovleg vis. Og
det tyder ikkje at eg meiner at målet helgar middelet i alle andre
samanhengar.
Eg håper alle mistydingar herved er oppklåra.
> > Tenk om verda var som Gule Sider. Då hadde me ikkje fått gjort so mykje
> > anna enn å leita etter kvarandre.
> Det gjer me allereie i dag. Kor lett er det å finne epostadressa til
> personar vi må komma i kontakt med? Det er ein grunn til at ikkje alle
> stader har lagt ut epostadresser til tilsette etc.
Skilnaden er vel at gulesider.no hevdar at det er lett å finna fram i
gulesider.no, medan ingen hevdar at det er lett å finna fram til
e-postadresser.
Me som har litt fleire år på baken (tenk at eg skulle finna på å seia
dét), har elles ein tendens til å ringja til folk og be om e-postadressene
deira, dersom me ikkje finn adressene på andre måtar. Då er det fint med
ei fungerande nummeropplysning.
Jardar