veslebor Håvard (var: Jardar - aka Storebro ser deg)
Håvard Ravn Ottesen
havard.ravn at ottesen.com
Tue Apr 27 10:01:03 2004
Jardar Eggesbø Abrahamsen wrote:
> Jau, eg har all forståing for at Datatilsynet er noko skeptiske til
> praksisen.
Til tross for at du skjøner skepsisen, meiner du målet heilager middelet?
Å finna navn på slektsbilete ved opplysninga og skattelistene er verdt å
reklamere for?
> Ikkje berre institusjonar. Eg kom ein gong over ein CV på nettet der
> personen sjølv hadde inkludert alle elleve siffer. Skummelt.
Her er det vel den enkelte som sjøl står til ansvar. Eg er sjølv innne i
en jobbsøknadsrunde og har sett mange slike døme. Eg synest ikkje det er
så skummelt å senda personnr til ein potensiell arbeidsgjevar (det står og
i vitnemålet ditt). Kor smart det er å ha det liggjande ope på nett kan
diskuterast.
> Tenk om verda var som Gule Sider. Då hadde me ikkje fått gjort so mykje
> anna enn å leita etter kvarandre.
Det gjer me allereie i dag. Kor lett er det å finne epostadressa til
personar vi må komma i kontakt med? Det er ein grunn til at ikkje alle
stader har lagt ut epostadresser til tilsette etc.