veslebor Håvard (var: Jardar - aka Storebro ser deg)

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200417 at pvv.ntnu.no
Mon Apr 26 13:16:03 2004


I artikkel <c6iiae$opc$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv Håvard Ravn Ottesen <havard.ravn@ottesen.com>:

> Det skumle med at slik informasjon ligg ope, er når teknikken skjær seg.

Jau, eg har all forståing for at Datatilsynet er noko skeptiske til 
praksisen. (Legg forresten merke til fleirtalsforma av adjektivet. Dette 
var artig. DatatilsynET er skeptiskE.)

> Til dømes har det hendt at enkelte institusjonar har "mista personnummer"
> på nett

Ikkje berre institusjonar. Eg kom ein gong over ein CV på nettet der 
personen sjølv hadde inkludert alle elleve siffer. Skummelt.

> Sistnevnte er kanskje eit ekstremtilfelle av kva som kan skje. Moralen er
> ikkje å søkja slike, men å tenkja seg om før ein hausar alle "nyttigge"
> verktøy opp i skyene. Hugs dei er lette å misbruka. 

Jau, det har du rett i.

Men www.gulesider.no (www.telefonkatalogen.no) er litt ekstremt på motsett
side. Kanskje det er difor dei er so atterhaldne av seg, fordi dei er 
redde for at folk kan misbruka telefonnumra som dei finn?

Tenk om verda var som Gule Sider. Då hadde me ikkje fått gjort so mykje 
anna enn å leita etter kvarandre.

Jardar