Sharons drapskampanjen
Anders Stav
andes at stud.ntnu.no
Sat Apr 17 23:16:03 2004
auda... No har Sharon endå ein gong vore på med helikopter. Og det ser
forsyne meg ut som han har truffe byttet sitt og.
Som eg sat og las på nettavisen.no om dette, la eg merke til at
mesteparten av leiarane i Hamas har gått under jorda. Eg trur taktikken
til Israels regjering er å ta dei som er synlege -> ein usynleg leiar er
ein ubrukeleg leiar, pålangt nær ikkje så stort mediatekke og kan aldri
måle seg med eit "ikon" som Yassin. Folkemassar har lettare for å knyte
seg til eit bilete og namn enn kva kun eit namn er.
Og kalle ein leiar i Hamas for "sivil" tykjer eg er å strekkje strikken
for langt. Israel er etter mi meining i ein "lunka" (lunka: vatn med temp.
~37 gr. C er lunka) krig med fraksjonar av den Palestinske folkegruppa.
Sett at Israel ville pågripe desse leiarane og stille dei for ein domstol.
Sett at eg ikkje har tiltru det Palestinske sjølvstyret! Ok. Styrkar frå
Israel går inn for å pågripe: Gatekampar og blod, beleiliring og øydelagde
hus. Eg reknar med at mange anser det for sannsynleg at det hadde blitt
temmelig heftig med Israelske styrkar som prøver å pågripe ein angiveleg
leiar av Hamas. Det blir då rimelegvis enklare å svare for: ein utbrent
bil, eit Hamasikon og 3 livvakter.
Ja. Eg forsvarar drapet på al-Rantisi. Men Israel blir alle fall aldri
kvitt dei eksploderande palestinarane med den okkupasjonsframferda dei har
idag. Sånn sett har Israel idag skava muggen av osten og lagt osten
tilbake i kjøleskapet og kan om eit par dagar ta ut osten på ny og skave
meir mugg.