juks og slikt

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200345 at pvv.ntnu.no
Wed Nov 12 00:41:06 2003


Eg skreiv noko diffust:

> eg vonar berre at dei som administrerer, kjem fram til det same som eg har
> kome fram til på fagleg-pedagogisk grunnlag, nemleg at studentane må få
> ein ny sjanse på line med ordinære underkjende oppgåver.

Dei tankane eg har gjort meg om dette, er som so:

«Eit poeng med øvingsoppgåva er jo at studentane skal få prøva seg på
fagstoffet og få tilbakemelding dersom det går gale, jf. at dei har høve
til å prøva igjen dersom dei stryk. Oppgåva er heller ikkje ein del av
eksamen (og påverkar dermed ikkje eksamenskarakteren). Å nekta studentane
eksamen ville difor ikkje vera i samsvar med resten av opplegget for
øvingsoppgåva.

Det som derimot kunne vera noko meir i samsvar, er å ikkje godkjenna dei
to oppgåvene, og gjeva studentane munnleg tilbakemelding på jukset.

Det er mest nærliggjande for meg å lata dette råka begge studentane, fyrst
og fremst fordi det er umogeleg å slå fast kven av dei som har juksa
(jamvel om det finst visse indisium), men òg for å sikra seg imot at feil
student skriv den nye øvingsoppgåva uoppdaga. Ein viss fare for «koking»
er det sjølvsagt framleis, men det vil det alltid vera.

Når eg ikkje vil diskvalifisera studentane for ordinær eksamen, er det
nettopp fordi denne øvingsoppgåva ikkje er ein del av eksamen. Reaksjonane
må difor vera mildare enn ved eksamensjuks (og ved eksamensjuks er det
nettopp eksamensnekt som er reaksjonen). Om nokon av dei to treng å juksa
for å kvalifisera seg til eksamen, vil vedkomande same kva vera den som
taper på det når eksamensdagen kjem.»

Jardar

PS: For dei som kjem frå miljø der koking tradisjonelt har vore meir
vanleg enn på Dragvoll, kan kanskje dette sjå urutinert ut. :) Men med det
reformerte kvalitetsomgrepet reknar eg med at me skal koma oss ut av det
skjerma tilværet vårt nokso kjapt. ;) I mellomtida litt utfordringa i å
finna ut kvar ansvaret for slike vurderingar skal liggja: hjå faglærar
eller lenger oppe. Det einaste skikkeleg frustrerande med dette er nettopp
dei manglande rutinane og dei uklare ansvarsforholda som kan føra til at 
ulike fag utviklar ulike sanksjonstypar for den same synda. :(