juks og slikt
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200345 at pvv.ntnu.no
Tue Nov 11 22:26:03 2003
I artikkel <3FB11E58.64097884@mtf.ntnu.no>
skreiv Ivar S. Ertesvåg <ivar.s.ertesvag@mtf.ntnu.no>:
> Det var rart. Det er instituttet som har ansvaret for eit fag.
> Når føresegnene ikkje er klare, er det opp til instituttet. I praksis
> er det opp til meg som faglærar, med instituttleiar som ankeinstans.
Dette emnet (med éin sams eksamen) er eit samarbeid mellom fleire
institutt, og det samarbeidet er organisert i det nemnde programstyret,
som eg som faglærar (etter vedtak) ikkje har høve til å orientera direkte
om dei fagleg-pedagogiske forholda i det programmet som dei styrer,
ettersom eg berre er faglærar. Men no er i alle fall apparatet i sving, og
eg vonar berre at dei som administrerer, kjem fram til det same som eg har
kome fram til på fagleg-pedagogisk grunnlag, nemleg at studentane må få
ein ny sjanse på line med ordinære underkjende oppgåver. Reint praktisk
kjem eg til å gjeva kokarane den meldinga, men sjølvsagt med atterhald om
kva administratorane kjem fram til.
Jardar