juks og slikt
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200345 at pvv.ntnu.no
Tue Nov 11 21:36:09 2003
I artikkel <3FB0B9E8.4040500@cbm.ntnu.no>
skreiv Sturla Molden <sturla.molden@cbm.ntnu.no>:
> Ja helt klart. Øvingen Jardar spurte om var obligatorisk men ikke
> nødvendigvis karaktergivende.
Stemmer. No har eg i alle fall undersøkt saka litt meir, og det finst
visst ikkje reglar for slikt, det er opp til programstyret. I praksis vil
det seia at i påvente av at programstyret bestemmer seg, kan eg ikkje
godkjenna oppgåvene.
Eg er elles samd i at samarbeid er ein bra ting. Men ctrl-c og ctrl-v (for
å bruka Windows-terminologi) er ein dårleg ting. Det som kompliserer
dette, er at jamvel om oppgåva ikkje påverkar eksamenskarakteren, so kan
studentane framleis «stryka», dvs. verta nekta å gå opp til eksamen.
Dermed hamnar øvingsoppgåva i ein mellomsituasjon.
Men men, no er det opp til dei høge herrar å avgjera kva som skal skje.
Hadde det vore opp til meg, ville eg ha stroke juksaren og late vedkomande
skriva ny oppgåve. Det ville vera mest i samsvar med det pedagogiske
grunnlaget for oppgåveskrivinga. Men eg er jo ikkje administrator, so
dette har eg sikkert ikkje peiling på. (Å neeeeei, eg har aaaaldri i mitt
akademiske liv fått ein eeeeinaste administrator i halsen, nei.)
Jardar