juks og slikt

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200345 at pvv.ntnu.no
Tue Nov 11 01:11:03 2003


I artikkel <3FAFE284.D2089905@mtf.ntnu.no>
skreiv Ivar S. Ertesvåg <ivar.s.ertesvag@mtf.ntnu.no>:

> Det siste som kunne falle meg inn, er å bruke tid på å finne ut om
> to studentar har levert like svar.

Stundom er eit svar feil på ein so sær måte at ein ikkje treng bruka tid 
på å kjenna det att når det dukkar opp på akkurat same måten to stader. :)

> Poenget er trass alt ikkje først og fremst å "kvalifisere til eksamen",
> men 
> at dei lærer noko. Det gjer dei ofte best i fellesskap.

Det er eg samd i. Saka er likevel den i dette tilfellet at oppgåva ikkje
berre er obligatorisk, ho skal òg vera greidd før studentane kan gå opp
til eksamen (noko eg tykkjer er litt dumt, det viktige må vera å få
respons på det som gjekk gale, og læra av det). Dei som stryk (for det er 
altso mogeleg å stryka), har høve til å prøva igjen éin gong, men oppgåva 
tel ikkje på eksamenskarakteren her heller.

Men det er klart, den som står ved å bruka klipp-og-lim-metoden, er jo den
som taper på det når eksamensdagen kjem.

Jardar