juks og slikt

IvarS.Ertesvåg IvarS.Ertesvåg
Mon Nov 10 20:21:03 2003


Jardar Eggesbø Abrahamsen:
> 
> Eg lurer på om det er nokon som kan hjelpa meg med eit spørsmål som eg
> gjerne skulle hatt svar på snarast råd, gjerne før kontortid på måndag (i
> kontortida er det sikkert flust av folk å spørja).
> 
> På somme fag finst det eksamenskvalifiserande aktivitetar, t.d. at
> studenten skal skriva ei øvingsoppgåve eller ein rapport for å få lov til
> å gå opp til eksamen. Kva skjer dersom det vert oppdaga juks (t.d. i form
> av direkte avskrift frå ein annan student, med identiske trykkfeil og det
> heile, dvs. klipp-og-lim i Word)? Eksamensjuks er jo éin ting, men korleis
> er det med tilsvarande i _eksamenskvalifiserande_ arbeid?

Eg er faglærar i eit fag med ca. 90 stud. (125 i fjor). Det er i
siv.ing.-studiet.  faget har 
13 rekneøvingar og 1 semesteroppgåve (2 vekers arbeid i faget, altså 
ca. 24 timar nominelt). Desse er obligatoriske, men tel ikkje med i
karakteren. Av desse tek vi inn ei rekneøving + semesteroppgåva.
Resten av den obligatoriske aktiviteten overlet vi til studentane
sjølve å kontrollere. Løysingsforslag til dei 12 øvingane som ikkje
skal leverast inn, har vi lagt ut på nettet.

Det siste som kunne falle meg inn, er å bruke tid på å finne ut om
to studentar har levert like svar.
Poenget er trass alt ikkje først og fremst å "kvalifisere til eksamen",
men 
at dei lærer noko. Det gjer dei ofte best i fellesskap.

Vidare: Det er midtsemestereksamen (1 time, 15% vekt) i september.
Så har dei ei teljande øving (15% vekt), der dei fekk ei veke på seg 
(utlev. 3. nov, frist 10.nov - altså i dag). Alle hjelpemiddel tillatne.
"Er det lov å samarbeide?" spør dei. Svar: Det har eg små midlar til å 
kontrollere - og kontorllen ville vere nokså tilfeldig. Altså så gjer 
eg ingenting for å kontrollere det. I arbeidslivet må dei likevel 
samarbeide.
(Men for ordens skuld: Vi har ordningar som gjer at når ein student
har levert inn, så er det ingen andre studentar som får tilgang til 
oppgåvesvaret hans.)

..... nokon som er sjokkert?   :-)


Ivar S. Ertesvåg