juks og slikt
IvarS.Ertesvåg
IvarS.Ertesvåg
Tue Nov 11 21:36:30 2003
Jardar Eggesbø Abrahamsen:
>
> I artikkel <3FAFE284.D2089905@mtf.ntnu.no>
> skreiv Ivar S. Ertesvåg <ivar.s.ertesvag@mtf.ntnu.no>:
>
> > Det siste som kunne falle meg inn, er å bruke tid på å finne ut om
> > to studentar har levert like svar.
>
> Stundom er eit svar feil på ein so sær måte at ein ikkje treng bruka tid
> på å kjenna det att når det dukkar opp på akkurat same måten to stader. :)
>
> > Poenget er trass alt ikkje først og fremst å "kvalifisere til eksamen",
> > men
> > at dei lærer noko. Det gjer dei ofte best i fellesskap.
>
> Det er eg samd i. Saka er likevel den i dette tilfellet at oppgåva ikkje
> berre er obligatorisk, ho skal òg vera greidd før studentane kan gå opp
> til eksamen (noko eg tykkjer er litt dumt, det viktige må vera å få
> respons på det som gjekk gale, og læra av det). Dei som stryk (for det er
> altso mogeleg å stryka), har høve til å prøva igjen éin gong, men oppgåva
> tel ikkje på eksamenskarakteren her heller.
Alt dette gjeld våre øvingar også (dei som skal leverast inn).
>
> Men det er klart, den som står ved å bruka klipp-og-lim-metoden, er jo den
> som taper på det når eksamensdagen kjem.
>
nettopp....