"Normalfordeling" av karakterar

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200344 at pvv.ntnu.no
Fri Nov 7 11:36:04 2003


I artikkel <pco1xskfqjz.fsf@fiinbeck.math.ntnu.no>
skreiv Harald Hanche-Olsen <hanche@math.ntnu.no>:

> Snittet skal være C, sies det, men «over tid» og midlet over
> et stort antall studenter.

Eit praktisk spørsmål: Dersom eit nerdefag som lingvistikk (med berre 
spesielt interesserte studentar) har eit snitt på A-B dei fyrste fem åra, 
og dersom ein seier at «over tid» tyder ti år, vil då dette seia at dei 
siste fem åra må ein syta for å få eit snitt på D-E? Problemet er jo at 
det er umogeleg å planleggja her og no kva snittet skal vera over den 
komande tiårsperioden. Før ein veit kva slags studentar som dukkar opp om 
seks og sju år, kan ein ikkje justera dagens karaktersetjing slik at 
snittet vert C når ti år har gått.

Jardar