Karakterskala, igjen...

Roger Birkeland rogerbi at stud.ntnu.no
Wed Nov 23 00:48:02 2005


Det var med noko undring eg las artikkelen i Under Dusken i dag angåande
karakterskalen. (Fann ikkje nye skalane på nett, så hugsar eg feil no får
folk arrestere i veg...)

No har ein såvidt blitt litt husvarm med bokstavkarakterar, og fått ei
føling med kva kvar karakter vil seie, iallefall på sitt eige studium. So
vert det meir endringar... Det at ein kuttar litt av nedre grensa til E er
kanskje greitt, men å utvide C både oppover og nedover synst eg ser snodig
ut. Då vil jo ein C spenne frå å vere ikkje så veldig bra, til å vere ein
fin B med grensene slik dei er i dag! For oss som har gått her ei stund,
korleis skal ein rekne ut snittet på fem års arbeid når karakterskalaen på
første halvdel av studiet og andre halvdel ikkje står i samsvar til
kvarandre? 

Eg støttar vel tanken om at A skal vere "fremragende" som det står, men gå
gjere fleire "middelmådige" (kanskje eit farleg ord, men...) for å dekkje
opp for eit manglande trinn tykkjer eg ikkje ser fornuftig ut. 

No justerar vel nokon av faglærarane karakterskala etter kor
lett/vanskeleg ein eksamen er, både "objektivt" og i høve resultatet i
klassen. Det vippar over tid kanskje begge vegar, men andre fylgjer desse
grensene slavisk heilt utan tilpassing. Ikkje rart at det gjev "rare"
resultat på fordelinga av karakterane. 

--

Roger Birkeland, 
4. klasse elektronikk, som likar seg på Gløshaugen, men er glad han snart
er ferdig og slepp unna reglar og føringar som endrar seg i eininga. 

P.S. til Dusken: Det kan godt hende at karakterane til ein elev vert
"betre" med den nye skalaen, overskrifta dykkar fortel ikkje meir enn
halvparten...