Om bøter ved for sein sensur

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200534 at pvv.ntnu.no
Mon Aug 22 21:03:03 2005


I artikkel <ded5ul$vbg$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv Ivar S. Ertesvåg <ivar.s.ertevag@ntnu.no>:

> > Skulle det påverka noko, måtte det i høgda vera at sensur nr. 1 vert meir 
> > overflatisk for å gå fortare unna.
> 
> Det er vel berre førebels.

Og «i høgda». For det er vanskeleg å sjå føre seg ein sensor som ikkje set 
seg inn i det han les. Då har eg i praksis insinuert at om desse bøtene 
skulle påverka noko i negativ lei, måtte det «i høgda» vera at sensor 
kastar terning og set karakter på trynefaktoren til handskrift og 
disposisjon.

Men det er klart, at det kunne kanskje vera ein god idé å stryka 
halvparten av kandidatane, og bruka den tida ein treng på dei resterande. 
Hehe. Dei som strauk, kan då klaga, og so kan neste sensor bruka passe med 
tid på dei. Dermed har me fått ressursar inn bakvegen til å gjera det som 
kvantitetsreforma krev av oss (men som lønsmidlane og personellsituasjonen 
ikkje alltid gjer det lett å oppfylla). :)

Diverre kostar det pengar å engasjera sensorar til klagesensur. :(
Men ein unngår i alle fall bot. :)

> Forseinka klagesensur er vert ikkje bøtelagt, men det er like fullt 3 
> vekes sensurfrist på klager. Dersom forseinka klagesensur vert eit 
> problem (og det vert det dersom mange klagar), er det vel berre eit 
> tidsspørsmål før bøtelegginga kjem.

Kanskje me kunne stengja studia, og berre sleppa inn akkurat so mange 
studentar at me veit at me har folk til å sensurera dei i rett tid.

Men då vert problemet igjen at inntektene vil gå drastisk ned, fordi me 
sender færre studentar gjennom systemet. Hm.

Kanskje me skal leggja ned heile universitetet, fordi det ikkje er 
lønsamt.

Jardar