Om bøter ved for sein sensur

"Ivar S. Ertesvåg" ivar.s.ertevag at ntnu.no
Mon Aug 22 20:48:02 2005


Jardar Eggesbø Abrahamsen:
> I artikkel <slrndgjiem.prt.sveinhal+trusa@sylow.math.ntnu.no>
> skreiv Svein Halvor Halvorsen <sveinhal+trusa@buksa.stud.math.ntnu.no>:
> 
> 
>>Til dere som har peiling på dette: Er det grunn til å tro at dette 
>>påvirker kvaliteten på klagesensuren, eller betyr dte bare at 
>>klagesakene fortrenger annet arbeid?
> 
> 
> Skulle det påverka noko, måtte det i høgda vera at sensur nr. 1 vert meir 
> overflatisk for å gå fortare unna.


Det er vel berre førebels.
Forseinka klagesensur er vert ikkje bøtelagt, men det er like fullt 3 
vekes sensurfrist på klager. Dersom forseinka klagesensur vert eit 
problem (og det vert det dersom mange klagar), er det vel berre eit 
tidsspørsmål før bøtelegginga kjem.

Det er ei anna side ved dette: Klage _skal_ ha ekstern sensor. Men 
særleg sommarstid er det mange eksterne som faktisk har ferie.
Det er mangt og mykje ein kan få til med tilsette på universitetet (eg 
har framleis 4 veker ferie til gode). Men eksterne er nettopp det. Det 
er slett ikkje sikkert den mest aktuelle (eller dei 4-5 mest aktuelle) 
er tilgjengelege innafor fristen. Då må ein nøye seg med ein eller annan 
med formalitetane i orden (siv.ing./master), men som kan mest om heilt 
andre delar av fagområdet. Eller så må ein vente 4-5 veker til den/dei 
mest aktuelle er tilgjengelege.