Eksamensklage. Ting tar tid...

IvarS.Ertesvåg IvarS.Ertesvåg
Sat May 15 14:41:03 2004


"Norvald H. Ryeng":
> 
> Ivar S. Ertesvåg <ivar.s.ertesvag@mtf.ntnu.no> wrote:
> 
> > "Norvald H. Ryeng":
> >>
> >> Vidar Myklebust <vidarm@stud.ntnu.no> wrote:
> >> > Hvor lang tid skal det ta før man får svar på klager på en eksamenskarakter?
> >> > Eksisterer det noe tidsfrister for sånt?
> >> > Klagde på tre karakterer etter sist eksamensperiode og har så langt fått
> >> > svar på én klage. Det kan jo være greit å vite om man skal konte før
> >> > konteeksamen finner sted...
> >>
> >> Normal sensurfrist er 3 uker, men NTNU kan gi seg selv unntak. Ellers er
> >> universitetsloven uklar. Frist ved ny sensur etter klage er ikke spesifisert.
> >>
> >> NTNU somler. Det er ikke et ressursproblem, men et holdningsproblem.
> 
> > Det er også eit praktisk problem. Vi skal ha ein intern sensor, altså
> > ein kollega, til å vurdere klagene. Det kan vere eit holdningsproblem
> > at det tek si tid. Men vi skal også ha ein ekstern sensor til å vurdere
> > dette. Det er ikkje sikkert klagesaker kjem lagleg til i tidsplanen
> > hans/hennar.
> 
> Det burde ikke ta lengre tid enn det tok ved foerste sensur.

Kvifor ikkje. Det er ikkje kvart å det er klage i eit fag. Og det må
vere
ein annan sensor enn ved ordinær sensur. Det er berre i store fag
(>200 stud.) ein kan "rekne med" klage kvart år -- og talet varierer
mykje frå år til år. I tillegg kjem klagene spreidde over opp til
to månader. Klagesaker er m.a.o. vanskelege å planlegge.
Vi må først finne ut ein av dei som er formelt oppnemnde kan/vil ta
denne 
klagesensuren. Dersom dei ikkje kan, og det kan godt hende, må vi finne 
nokon annan, og så må vi få vedkomande oppnemnd som sensor. Det tek tid.


> 
> Min paastand om sommel er ikke bare basert paa klagesaker---jeg har selv aldri
> klagd paa karakterer---men jeg vet av erfaring at man bruker mye mer enn de
> anbefalte 2 ukene paa aa gi en begrunnelse for karakteren. Dette med sent
> svar paa klager er et problem man hoerer om hvert semester.

Personleg har eg aldri brukt så mykje som 1 veke (trur eg) (skriv
vel 3-8 stk kvart år.) 

> 
> > Og det er endå mindre populært å få klagesaker (i same fag) strødde
> > utover 7-9 veker. Nokre studentar klagar straks (eg har
> > fått inn klager før resultatet formelt var offentleggjort). Andre klagar
> > i siste liten, etter å ha bede om grunngjeving i siste liten (tre veker
> > + tid til forklaring+ tre nye veker klagefrist). Mine forklaringar
> > (så langt) har eg sendt innan 3-5 dagar, men det hender faktisk at
> > faglærar har ferie eller er bortreist av andre grunnar.
> > Altså: Det kan gå 7-9 veker mellom første og siste klage. Då er det
> > praktisk å samle opp sakene før dei vert sende over til klagenemnda.
> 
> Godt argument om oppsamling av sakene, men man burde ikke bli irritert over at
> studenter bruker tid til aa tenke gjennom saken foer det klages.

Eg har forklart kvifor det tek tid, ikkje gjeve uttrykk for irritasjon
over at studentar tenkjer seg om og ventar litt med å sende klage.
Men når det er sagt, kan det også seiast at eg har fått "irritasjons-
reaksjonar" frå kollegaer som måtte bruke tid på å handsame klager frå
"openberre stryk-kandidatar" (som hadde fått stryk i første runde, og
som fekk det i andre runde også).

> 
> 9 uker til siste klage + 3 uker til sensur gir ca. 3 mnd. foer resultatet skal
> vaere klart. Dersom karakteren ble gitt foer februar, burde svar paa klage
> vaere klart naa.

Dersom det er berre ei klage, og ho kjem 9 veker etter sensur (evt.
fleire som alle kjem så seint), kan det ta meir enn 3 veker til før
klagenemnda er oppretta og har fått handsama klagen (jf. ovanfor).