Eksamensklage. Ting tar tid...
IvarS.Ertesvåg
IvarS.Ertesvåg
Thu May 13 20:21:03 2004
"Norvald H. Ryeng":
>
> Vidar Myklebust <vidarm@stud.ntnu.no> wrote:
> > Hvor lang tid skal det ta før man får svar på klager på en eksamenskarakter?
> > Eksisterer det noe tidsfrister for sånt?
> > Klagde på tre karakterer etter sist eksamensperiode og har så langt fått
> > svar på én klage. Det kan jo være greit å vite om man skal konte før
> > konteeksamen finner sted...
>
> Normal sensurfrist er 3 uker, men NTNU kan gi seg selv unntak. Ellers er
> universitetsloven uklar. Frist ved ny sensur etter klage er ikke spesifisert.
>
> NTNU somler. Det er ikke et ressursproblem, men et holdningsproblem.
Det er også eit praktisk problem. Vi skal ha ein intern sensor, altså
ein kollega, til å vurdere klagene. Det kan vere eit holdningsproblem
at det tek si tid. Men vi skal også ha ein ekstern sensor til å vurdere
dette. Det er ikkje sikkert klagesaker kjem lagleg til i tidsplanen
hans/hennar.
Og det er endå mindre populært å få klagesaker (i same fag) strødde
utover 7-9 veker. Nokre studentar klagar straks (eg har
fått inn klager før resultatet formelt var offentleggjort). Andre klagar
i siste liten, etter å ha bede om grunngjeving i siste liten (tre veker
+ tid til forklaring+ tre nye veker klagefrist). Mine forklaringar
(så langt) har eg sendt innan 3-5 dagar, men det hender faktisk at
faglærar har ferie eller er bortreist av andre grunnar.
Altså: Det kan gå 7-9 veker mellom første og siste klage. Då er det
praktisk å samle opp sakene før dei vert sende over til klagenemnda.