Clemet vil kutte ut nynorsk
Magni Onsoien
magnio+news at pvv.org
Thu Mar 11 20:16:03 2004
"Magnus Holla Sivertsen" <mholla@start.no> writes:
> Sidemål være en naturlig del av eksamen som alt det andre pensumet man har i
> norsk, men ikke som egen eksamen, og ikke med samme krav som i hovedmål.
>
> Nynorsk er en viktig del av vår kultur, og bør bevares.
Ikkje sett likskapsteikn mellom sidemål og nynorsk. 17% av ungane i Noreg
har faktisk nynorsk som hovudmål (i grunnskulen).
> Det eneste du oppnår med dagens ordning er hat mot nynorsken, elevene bør
> lære å elske nynorsk, ikke hate. Ved at elevene får et posisitv bilde av
> nynorsken bevarer du nynorsken mye bedre.
Problemet er at nynorsk-sidemålet i dag vert lært bort som eit andre
(eller tredje, eg hugser ikkje om det var i 7. eller 8. vi byrja med det)
framandspråk. I staden for å lære det slik morsmål som sådan lærast -
nemleg ved å lytte, lese, skrive og bruke det - vert det forsøkt innlært
som vi lærte tysk - ved pugging om omsetjing.
Veldig få av oss snakkar bokmål. Sjølv dei som er frå Oslo vest og snakkar
veldig likt bokmål, snakkar ikkje bokmål. Bokmål og nynorsk er
skriftspråk, ikkje dialektar eller talemål, og alle dei norske dialektane
skil seg i mindre eller større grad frå det normerte skriftspråket. Den
dialekta som kanskje ligg aller nærast bokmålet, er sannsynlegvis den
mange samar snakkar (eller iallfall snakka for nokre år sidan, då samisk
var forbode i skulen) - sidan dei har lært bokmål som framandspråk, ikkje
som eit skriftspråk for daglegtalen sin.
Eg trur det beste for sidemålet vil vere om ein gjekk frå å undervise det
som eit framandspråk til å undervise det som ein naturleg skrivemåte for
talemålet sitt, uansett kva dialekt ein snakkar. I tillegg er det viktig å
bruke både sidemålet og hovudmålet aktivt. Det er ingen grunn til at ein
MÅ skrive alt anna enn sidemålsinnleveringane på hovudmålet, og det å
bruke begge målformene aktivt er noko lærarar burde oppmuntre til, også
ved å gjere det sjølv.
Nokre grupper (eg tenkjer her på dyslektikarar og framandspråklege) har
dokumenterte vanskar med å lære to målformar - ikkje fordi det er for
vanskeleg for dei eller fordi dei er dumme, men rett og slett fordi det er
for dårleg tid. I dag får dei fritak for *skriftleg* sidemål, men dei må
likevel lese nasjonallitteraturen vår, lære gamalnorsk (det var pensum med
den mønsterplana som galdt då eg gjekk i grunnskulen iallfall - om enn
ikkje i større grad enn at vi las ei eller anna soge frå Snorre og omsette
til moderne norsk) og lære om den norske språkhistoria. Det einaste er at
dei skriftlege sidemålsevnene ikkje vert vurdert; dei kan svare på
sidemålseksamen på hovudmålet sitt.
Framandspråklege har sannsynlegvis større problem med å forhalde seg til
det virvaret av dialektar som finst i Noreg (ei kvinne frå Vietnam eg las
om i dag brukte litt tid på å skjønne at det trøndske uttrykke "ka e de?"
var det same som "hva er det?" - som stod i norskboka hennar). Mange av
dei har i dag fritak for norsk sidemål, men ved å lese pensumet der kan
dei få ei betre forståing av munnleg norsk språk, sidan dei to målformene
til saman liknar på dei fleste norske dialektar. Det å vite at "hva" og
"kva" tyder det same kan for mange gjere det lettare å skjønne at "ka"
betyr akkurat det same - utan at nokon treng lære dei det ord for ord.
> Kravet om at offentlige brev skal besvares på samme målform som de er mottat
> i mener jeg bør fjernes. Man burde lære sidemålet såpass godt at man kan
> forstå sidemålet, enten det er bokmål eller sidemål. Dermed kan de som
> velger nynorsk som sidemål skrive sine brev , og de som velger bokmål kan
> skrive sine brev på den målformen de behersker best.
Dette er forsåvidt korrekt, på den annen side handlar det også om respekt
for den ein skriv til. Tilsette i det offentlege er på sett og vis
"folkets tenarar" og burde kanskje ha såpass respekt for "folket" at dei
svarer på den målforma dei vert tilskrive på? Viss det er folkeskikk, vil
det kanskje falle mange naturleg å gjere det utan noko lovpålegg - men på
den annen side undervisast barn og ungdom i dag i enkel folkeskikk på
skulen, så eg er ikkje sikker...
> Når det gjelder kringkasting er jeg mer usikker. Det kan tenkes man får et
> bedre resultat ved å sette dette fritt, og la dette styres av hvor folkene
> som jobber med det. Men du vil da få problemstillinger med at NRK i stor
> grad holder til i Oslo, og TV2 i Bergen(Er nynorsk standard i Bergen??). Vet
Nynorsk er veldig lite standard *I* Bergen, men det er derimot mange av
kommunane rundt Bergen som går under nemninga "nynorskkommunar".
(http://www.lnk-nytt.no/medlemmer/hordaland.htm er eit kart over kva
Hordalandskommunar som er medlemer av Landssamanslutninga av
nynorskkommunar.)
> ikke hvor TvNorge holder til, men innbiller meg at det er rundt Oslo.
> Kanalene, og spesielt NRK har distriktskontor rundtomkring, og disse bør ha
> et større ansvar for den språklige bredde.
>
> Et annet problem rundt dette er at distrikskontor legges ned for å spare
> penger.
>
> Hvordan er det egentlig med avisene? Målformen deres styres vel ikke i det
> hele tatt?
Nei, avisene vel sjølv. Men det er ein viktig skilnad på avisene og
etermedia: avisene er privatfinansiert (ein del aviser får dog offentleg
støytte for å "sikre mangfaldet i avismarknanden", dette gjeld lokalaviser
og ein del "særinteresseaviser" som Nationen, Vårt Land o.l.), medan
kringkastinga sender på konsesjonsbelagte frekvensar og til ein viss grad
er statleg finansiert (NRK). Dette gjer at det for etermediene er naudsynt
å ha nokre krav for at dei skal få sende på frekvensane. Ein kunne sagt at
det einaste kravet var at ein kunne betale best for å sende -
auksjonsprinsippet - men dei som styrer frekvensane (politikarane, gjennom
Post- og teletilsynet) har bestemt at det skal leggast til grunn ein del
andre krav i staden, slik at flest mogleg vert få sin bit av kaka.
For å sende på konsesjonsbelagte frekvensar (det vil seie radio og TV) må
ein søke om konsesjon, og denne vert tildelt etter ymse reglar. Det kan gå
på innhald, slik som for TV2 og den fjerde riksdekkande radiokanalen eller
på mangfald (ein ynskjer i mange tilfelle at fleire aktørar deler ein
frekvens og at det ikkje er eitt medieselskap som dominerer - dette er
tilfelle for lokalradio, der det i Trondheim er slik at mange kanalar
deler ein frekvens og sender til ulike tider, og det var mykje diskusjon
om Radio Adressa burde få konsesjon, mange var redde for mediemonopol
her). Og det kan vere krav knytta til målform, slik det er for TV2 (for
NRK er det så vidt eg veit mållova som bestemmer at dei skal ha minst 25%
av kvar målform).
TV Norge har ingen konsesjon til å sende fjernsyn. Dei sender kun på
kabel-TV-nettet, og der er det dei lokale kabelnetta som bestemmer kva som
skal sendast [jada, visse modifikasjonar :) Dei SKAL sender NRK1, NRK2,
TV2 og lokal-fjernsyn, og TV Norge har tilfeldigvis samarbeid med alle (?)
dei aktuelle lokal-fjerningsynskanalane.] Difor har dei heller ingen
konsesjonskrav knytta til seg.
> Mulig denne saken bør deles i to tråder, feel free to x-fute.
Ja, men eg gadd ikkje ;)
Magni :)
--
sash is very good for you.