Clemet vil kutte ut nynorsk
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200409 at pvv.ntnu.no
Sat Mar 6 11:21:03 2004
I artikkel <c2bsap$s41$1@readme.uio.no>
skreiv Norsk Telegrambyrå <ntb@usit.uio.no>:
> Oslo (NTB): Utdanningsminister Kristin Clemet foreslår i et
> hemmelig regjeringsnotat å fjerne obligatorisk eksamen og
> skriftlig undervisning i sidemål i skolen.
Hm, i so fall kjem eg til å hevda at det ikkje lenger er noko krav om at
eg skal kunna sidemålet mitt. Og eg vil stø meg til at Clemet et co.
meiner at studentane mine skjønar begge målformene sjølv utan opplæring,
og føler seg komfortable med sidemålet sitt særleg fordi dei ikkje har
lært det.
Og so skal eg laga eksamensoppgåver berre på hovudmålet mitt, eventuelt
med ein sidemålsvariant som er like ille som mange nynorskutgåver er i
dag. Då vil studentane føla seg ekstra komfortable, for då finst det ikkje
språktvang å utsetja faglæraren for eingong. Likskap og harmoni! :)
Studentane mine vil garantert ikkje ha problem med ord som «ovre» og
«røynsle», som til og med å er finna i Bokmålsordboka. ;)
Feilfri sidemålsvariant (bokmål): «Hvorledes meiner junggrammatikerene at
fonologiske forandringer ovrer seg, og hva er røynslene våre i dag?»
Jardar
PS: Studentane mine er so få at dei kan få individuelt tilrettelagde
tolkingar til dialekt på fyrste trøysterunden. :)