Unyttige meldinger på innsida

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200401 at pvv.ntnu.no
Fri Jan 9 13:56:10 2004


I artikkel <btm5vp$kjg$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Ove Kr. Haugaløkken <ove.haugalokken@plu.ntnu.no>:

> Eg sluttar aldri å undre meg over alle dei fiktive problema som enkelte
> knyter til it's:learning, spesielt når det kjem frå personar som etter
> eige utsegn ikkje eingong har tilgang til det.

Etter det eg les her på gruppa, har faglærarane tilgang m.a. til
informasjon om kva IP-adresse studentane sat på sist dei var innom, og
opplysningar om kven som har lasta ned kva filer. Eg vel å lita på
rapportane om dette (her medrekna korleis studentar har opplevt det når
faglærar har hengt ut folk med bakgrunn i slike opplysningar), og eg har
difor tidlegare i denne gruppa reservert meg mot systemet.

Jardar