Unyttige meldinger på innsida
Ove Kr. Haugaløkken
ove.haugalokken at plu.ntnu.no
Fri Jan 9 13:16:03 2004
Stian Søiland tar opp eit viktig problem: Når Innsida (eller andre
meldigstenester) blir for fulle av informasjon som ikkje vedkjem oss, blir
det lett til at vi sluttar å lese desse fora. Dermed får vi ikkje eingong
med oss det som kunne vore viktig. Det bør få oss som som er avhengige av
å informere til å vera kritiske med kor vi postar informasjonen, og kven
vi har som målgruppe.
Jardar Eggesbø Abrahamsen brukar som ei av forklaringane på at han sende
informasjon via Innsida at - sitat: "It's learning er personvernsmessig
suspekt. (Og då eg for ei tid sidan prøvde å sjå på systemet, hadde eg
ikkje tilgang til det.)" – sitat slutt. Det er ei merkeleg forklaring
(eller er det orsaking?) når han legg skulda på it’s:learning etter å ha
sendt meldingar til studentar som irriterer seg over informasjon som ikkje
vedkjem dei.
Eg sluttar aldri å undre meg over alle dei fiktive problema som enkelte
knyter til it's:learning, spesielt når det kjem frå personar som etter
eige utsegn ikkje eingong har tilgang til det. Til Jardar Eggesbø
Abrahamsen har eg to spørsmål: Kva slag personvernproblem ville det føre
med seg å sende ei melding via it's:learning? Har du vendt deg til
Studieavdelinga (NTNU videre) og bede om at faget ditt blir registrert som
emne på it's:learning med deg som faglærar? Eg er viss om at dersom du
gjorde det, ville du få tilgang.
Sjølv brukar eg konsekvent it's:learning sitt meldingssystem til dei 200
studentane eg har ansvar for som faglærar. Da kjem meldinga berre til
desse. Hittil har ingen følt personvernet sitt truga etter å ha lese eit
oppslag på fagsida, eller motteke ei melding i den spam-frie
meldingstenesta som dette systemet byd på. Kort sagt: problemfritt. For
ordens skuld: dei sidene ved it’s:learning som studentane fann
problematiske i høve til personvern, er løyste i ein konstruktiv dialog
mellom dei valde representantane for studentane og leiinga ved NTNU.