samanslåing av karakter frå
midtsem og eksamen
"Ivar S. Ertesvåg"
ivar.s.ertesvag at ntnu.no
Fri Dec 3 20:26:02 2004
Harald Hanche-Olsen:
> + "Ivar S. Ertesvåg" <ivar.s.ertesvag@ntnu.no>:
>
> | Trur det gjekk ut eit rundskriv til folket frå FUS/viserektor om at
> | det skulle brukast 100-delar fram til sluttresultatet, og
> | bokstavkarakter berre til slutt. Men eg finn ikkje rundskrivet i
> | farta (så det kan hende eg hugsar feil). Men rundskriv er ikkje
> | forskrifter.
>
> Det er interessant å merke seg at § 23.1.2 i de tidligere omtalte
> utfyllende regler /definerer/ mappevurdering som
>
> to eller flere av forannevnte [skriftlig eller muntlig avsluttende,
> arbeider, midtsemesterprøver] vurderingsformer, hvor bare
> avsluttende vurdering - sluttkarakteren - angis med bokstavkarakter
> eller bestått/ikke bestått
>
> og fortsetter med
>
> Avsluttende vurdering kan være basert på mappe eller på en eller
> flere av de 4 førstnevnte vurderingsformene i kombinasjon.
>
> Ut fra disse formuleringene ble det sagt, i hvert fall på mitt
> institutt under behandlingen av studieplanene for et år siden, at
> dersom man ikke bruker ordet «mappe» i studiehåndboka, så må man sette
> bokstavkarakter på delene og så kombinere bokstavene til én
> bokstavkarakter. Derfor står det nå «mappeevaluering» på alle
> våre kurs som har evaluering i tillegg til slutteksamen.
>
Denne tolkinga var ny for meg - og, trur eg, for undervisningsutvalet
vårt (som eg er medlem av).....
Det står ikkje «mappeevaluering» på "mitt" fag (som har 2 x 15%
delvurderingar + 70% slutteksamen) - og eg har ikkje tenkt å setje
nokon bokstav før heilt til slutt.
Om vi skal spikke fliser (og det er vel det skapjuristen i mange av oss
likar å gjere), så er det ikkje dekning for den tolkinga du refererer.
Det er pr.def. "mappe" når det er bokstav berre til slutt, og er det
sagt "mappe" må det vere slik. Men når det ikkje er sagt "mappe", står
ein fritt: Det kan vere "mappe" - men treng ikkje vere det. 23.1.3 må
vel lesast slik at sjølv om ein gjev bokstav på delvurderingar, kan ein
likevel bruke 1/100-poenga når ein reknar sluttkarakter.
> Det står ikke eksplisitt i reglene at en kombinasjon av
> evalueringsformer som ikke kalles en mappeevaluering skal baseres på
> bokstavkarakterer for hver del, men det kan argumenteres for at minst
> en av delvurderingene må gis bokstavkarakter - ellers er det per
> definisjon snakk om mappe. Mitt inntrykk er likevel at reglene ikke
> leses fullt så bokstavelig, og at der det er snakk om en kombinasjon
> som ikke er kalt «mappeevaluering» i studiehåndboka så må alle delene
> hver for seg gis en bokstavkarakter (eller bestått/ikke bestått).
Om vi likar det eller ei, så er det meir opp til instituttet (dvs.
faglærar - med instituttleiar som ankeinstans) å avgjere korleis dette
skal gjerast for kvart fag. Det er vel det som vert kalla "pluralisme"
eller "berre rot" - alt ettersom.