Jardar - aka Storebro ser deg (var: telefonkatalogen)

Håvard Ravn Ottesen havard.ravn at ottesen.com
Mon Apr 26 10:51:03 2004


Jardar Eggesbø Abrahamsen wrote:
> Praktisk bruk av slikt? Eg sit og ordnar database over gamle slektsbilete, 
> og der fann eg førenamnet og det tidlegare etternamnet til ei jente. Med 
> opplys.ntnu.no fann eg det noverande etternamnet, dermed fann eg henne i 
> skattelistene, fann fødselsåret hennar, og *vips* visste eg kva tid 
> biletet vart teke. :)

Men er dette ein bra ting. Det isolerte tilfellet aleine er nok berre ein
god sak, men ein må vite at tilgang til desse verktøya og kan brukas av
andre med mindre god meining. Grunnen til at skattelistene blir gjort
opne, er _ikkje_ at ein skal søka etter kva tid folk er fødde - kor dei
bur eller noko slik. Det er for vise kva kvar enkelt betaler i skatt.

Det skumle med at slik informasjon ligg ope, er når teknikken skjær seg.
Til dømes har det hendt at enkelte institusjonar har "mista personnummer"
på nett - og ved hjelp av skattelister, opplysning og anna vertøy som ligg
tilgjengeleg - kan ein falskspelar lett "stjela" ein annans identitet. 

Sistnevnte er kanskje eit ekstremtilfelle av kva som kan skje. Moralen er
ikkje å søkja slike, men å tenkja seg om før ein hausar alle "nyttigge"
verktøy opp i skyene. Hugs dei er lette å misbruka.