telefonkatalogen

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200416 at pvv.ntnu.no
Fri Apr 23 21:36:03 2004


Det er forresten ein fordel med opplys.uninett.no som eg liker veldig 
godt. Ein kan søkja på førenamn utan å taka med etternamnet. Særleg 
hyggjeleg når ein leiter etter folk som ikkje lenger heiter det dei heitte 
før, men som har eit førenamn som ikkje mange andre har.

Praktisk bruk av slikt? Eg sit og ordnar database over gamle slektsbilete, 
og der fann eg førenamnet og det tidlegare etternamnet til ei jente. Med 
opplys.ntnu.no fann eg det noverande etternamnet, dermed fann eg henne i 
skattelistene, fann fødselsåret hennar, og *vips* visste eg kva tid 
biletet vart teke. :)

Jardar