kvalitet og sensur

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200342 at pvv.ntnu.no
Tue Oct 28 15:21:04 2003


Eg fekk nettopp fylgjande oppsummering av status etter innføringa av det 
reformerte kvalitetsomgrepet:

- Ved eksamener vil det som regel være interne sensorer. Det betyr i
  praksis faglæreren og en kollega fra instituttet. Instituttet får ikke
  finansielle midler til ekstern sensur.
- Ekstern sensor brukes bare ved bedømmelse av masteroppgave/hovedoppgave.
- Eksterne sensorer skal brukes som ledd i de nye 
  kvalitetssikringssytemene ved NTNU.

Skal me sjå. Før hadde me alltid éin intern og éin ekstern sensor. Det
sikra kvalitet, upartisk sensur og sjølvsagt samordning av
vurderingsnormer.

No har det vorte viktig å sikra kvalitet. Difor har me sløyfa den eksterne
sensoren, slik at me kan innføra eit kvalitetssikringssystem. Eit slikt
kvalitetssikringssystem hadde me ikkje før. Aha, då kan me kalla 
omlegginga «Kvalitetsreform».

Eg ser føre meg dika i Nederland. Per dags dato vert det nesten ikkje 
tetta hòl i dei, fordi dei er so tette. Lat oss tenkja oss at 
nederlendarane får norske politikarar. Då kjem dei til å bora tusen hòl i 
dika sine, slik at dei kan innføra eit kvalitetssikringssystem som gjeng 
ut på å tetta tre hundre av hòla. Det er faktisk tre hundre fleire 
tettingar enn det som var vanleg før, ergo har me innført ein kvalitet som 
ikkje var der tidlegare.

Eg skjemmest over i det heile teke å ha stemt.

Jardar