juks og slikt

Roger Birkeland rogerbi at stud.ntnu.no
Sun Nov 9 12:46:03 2003


"Jardar "Eggesbø" Abrahamsen" <jardarab+news-200344@pvv.ntnu.no> skrev i
melding news:slrnbqqul5.4ps.jardarab+news-200344@tyrell.nvg.ntnu.no...
> Eg lurer på om det er nokon som kan hjelpa meg med eit spørsmål som eg
> gjerne skulle hatt svar på snarast råd, gjerne før kontortid på måndag (i
> kontortida er det sikkert flust av folk å spørja).
>
> På somme fag finst det eksamenskvalifiserande aktivitetar, t.d. at
> studenten skal skriva ei øvingsoppgåve eller ein rapport for å få lov til
> å gå opp til eksamen. Kva skjer dersom det vert oppdaga juks (t.d. i form
> av direkte avskrift frå ein annan student, med identiske trykkfeil og det
> heile, dvs. klipp-og-lim i Word)? Eksamensjuks er jo éin ting, men korleis
> er det med tilsvarande i _eksamenskvalifiserande_ arbeid?
>
> Jardar

Då vi hadde gjennomgang av korleis vi skal skrive eksamen i kretstanalyse,
la lab-lærar på foil med "hvordan stryke".
Eit av punkta gjekk på identiske rapportar frå to grupper. (Skal leverast
inn ein rapport pr. gruppe på to studentar) Mulig ein får ein sjans til å
rette opp, men trur ikkje eg satsar på ctrl+c ctrl+v.....

Roger B.