juks og slikt

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200344 at pvv.ntnu.no
Sun Nov 9 00:26:03 2003


Eg lurer på om det er nokon som kan hjelpa meg med eit spørsmål som eg 
gjerne skulle hatt svar på snarast råd, gjerne før kontortid på måndag (i 
kontortida er det sikkert flust av folk å spørja).

På somme fag finst det eksamenskvalifiserande aktivitetar, t.d. at
studenten skal skriva ei øvingsoppgåve eller ein rapport for å få lov til
å gå opp til eksamen. Kva skjer dersom det vert oppdaga juks (t.d. i form
av direkte avskrift frå ein annan student, med identiske trykkfeil og det
heile, dvs. klipp-og-lim i Word)? Eksamensjuks er jo éin ting, men korleis 
er det med tilsvarande i _eksamenskvalifiserande_ arbeid?

Jardar