[Nerds] Nyttårsfest!

Magni Onsoien magnio at pvv.org
Sat, 17 Dec 2005 22:40:33 +0100


No er det berre ei veke att til jul - til alle pakkane er ferdig pakka 
opp, faktisk - og det er på tide å tenke på nyttår.

Vi vil difor gjerne invitere alle til nyttårsfest hos oss i Frostaveien
6 i år!

Festen går logisk nok av stabelen nyttårsaften, laurdag 31. desember
2005, frå ca kl 1930 og utover.

Det er fint om alle kan ta med seg litt til koldtbord, feks. ostefat,
kald kylling/kalkun, potetsalat, røykalaks, eggerøre, aspic, skinke, 
tapas etc - eller noko litt søtare til dessert. Vi stiller med brød, salat 
og dressing - og som dei fleste vel veit har vi eit breidt utval i
whisky, pluss eit greitt utval i likørar, ein del brennevin og litt frå
"ymse"-hylla på polet, og vi har også brus og mineralvatn. Ta gjerne med
det du ynskjer å drikke til maten utanom dette.

For å planlegge bespisninga og oppdekkinga litt hadde det vore fint om
du kunne gi tilbakemelding viss du har lyst til å kome (og trur du kjem
:)).


Velkomen!



Mvh
Magni og Anders :-)
-- 
sash is very good for you.