rar httpd-logg

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200539 at pvv.ntnu.no
Tue Sep 27 23:48:02 2005


I artikkel <Pine.LNX.4.58.0509271405050.23992@jaguar.stud.ntnu.no>
skreiv Magnus Reintz <reintz@stud.ntnu.no>:

> Man kan jo lure paa hvorfor du leser loggene, men det er vel en annen sak
> :-)

Utan at det er so viktig, kan eg jo røpa at me hadde håpt at ein annonse i 
Aftenposten kanskje kunne få konsekvensar for statistikken på ein av 
serverane. Det var då eg skulle sjekka statistikken, at eg fann ut at 
trafikken hadde skote i vêret. Veldig i vêret. Men det var liksom på feil 
dag. Og sidan den namnlause klienten berre bad om / og ikkje noko anna 
(ikkje grafikken, og ikkje eingong dei inkorporerte filene som høyrer 
framsida til), gjekk også mine tankar i retning mislukka DoS.

F heller, kan ikkje folk gå over til Linux og Mac, slik at me slepp dette 
tullet?

(Når me trekkjer frå dei namnlause klientane, fekk forresten ikkje 
annonsen i Aftenposten konsekvensar for webtrafikken.)

Jardar
-- 
Eit fyseleg, humsk, hyrleg, smakeleg, forskamma og høvla ty
med fatteleg mange bønhøyrlege lemper.