rar httpd-logg
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200537 at pvv.ntnu.no
Wed Sep 14 23:18:02 2005
Burde vel hatt ei gruppe ntnu.undring på denne newsserveren, men eg spør
no her, då.
På eit par webserverar eg har på 129.241.33-segmentet, har eg den siste
tida fått flust av «GET /» frå ein heil drøss maskiner på 129.241.*. Nokre
få vpn-adresser, nokre få adresser på Gløshaugen (maskin, geo, bygg med
meir), éi på Dragvoll (hf) og _massevis_ av adresser under
*.studby.ntnu.no. Ikkje finst det nokon HTTP_REFERER å loggføra, og ikkje
vil klienten fortelja kva han heiter heller.
Er det nokon som har eit «skriv eit skript som lastar ned flest mogeleg
framsider»-prosjekt på gang, eller?
Jardar