Bråk og atter bråk
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200541 at pvv.ntnu.no
Tue Oct 11 13:48:02 2005
I artikkel <dig5vk$jr5$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv Birger Jensen <birgerje@stud.ntnu.no>:
> > På Inst. for matematiske fag har vi to datasaler, hvor den ene har
> > påskriften
> > "stille datasal" på døren, med henvisning til bruk av den andre, som ligger
> > ved siden av, for gruppearbeid. Dette fungerer veldig fint.
>
> Det er jo enestående. Men som vanlig pleier alt som har med Dragvoll å
> gjøre å ligge litt i bakevja, så man har ikke tenkt så langt enda.
Det er trongt på Dragvoll. Dårleg med plass til fleire datasalar, med
mindre ein ommøblerer ein lesesal eller eit undervisningsrom (som det
finst altfor få av). Det finst jamvel institutt der som har ein påfallande
manko på kontorplassar til dei tilsette. I min eigen karriere har eg sjølv
i ein periode delt 12 kvadratmeter kontor med to andre førelesarar.
Heldigvis er det god plass på Dragvoll til å byggja ut med nye bygningar
og nye datasalar, dersom dei som bestemmer over pengane, meiner at dette
er ein god idé.
> Kanskje slike ting blir innlysende om Dragvoll havner på Gløshaugen.
Gløshaugen løyser alle problem, for der er det kjempegod plass både til
auka biltrafikk, meir parkering og til framtidige utbyggingar. Og sidan
det har gått prestisje i det, må me berre venta at Dragvoll skal splittast
opp og stablast saman der eller i andre område med tilsvarande god plass.
Framtidsretta heiter det visst, og skal visst plassera oss på kartet. Eg
er ikkje i tvil om det siste.
Jardar