rar httpd-logg

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200540 at pvv.ntnu.no
Mon Oct 3 12:18:02 2005


Nok ein gong svarar eg meg sjølv.

> Finst det ein instans som kunne vera interessert i loggar frå oss som har 
> serverar? Til dømes abuse ætt ntnu punktum no? Det har trass alt pågått i 
> ein månad no, og me er vel ikkje tente med å ha so mange infiserte 
> maskiner hjå oss.

Abuse meinte at 70-90 potensielt infiserte maskiner på 129.241.* som 
konstant prøver å kopla seg til absolutt alt anna på 129.241.*, det er eit 
so lite problem at det ikkje er verdt å bruka tid på det. Det kan eg godt 
skjøna, når eg berre tenkjer meg om. Det er trass alt eit Windows-miljø, 
dette, og då er nok dette godt innanfor slikt ein må venta.

Eg har nok vorte litt for godt van med skikkelege operativsystem. :)

Jardar