Eksamensark med to kopier
Roger Birkeland
rogerbi at stud.ntnu.no
Mon Jun 6 22:48:03 2005
Sindre Balas wrote:
> Det finnes noen av oss som ikke helt følger normal studieprogresjon og som
> ikke får utbetalt studiestøtte før alle karakterer er på plass. Kombinert
> med småbarn blir det etterhvert uholdbart å gå uten penger fra januar til
> slutten av mars, som har vært resultatet for min del.
Ok, ikkje alle er i same situasjon, det forstår eg. Meinar ikkje at det
skal skli veldig ut i tid, men tre veker mot to veker er ikkje så mykje
verre?
> Dette er én grunn til å kreve sensur innen tidsfristen. Det er mange
> praktiske årsaker til det, men i bunn og grunn ser jeg det som helt
> meningsløst å skulle bruke mer tid på sensuren.
I eit fag med mange hundre kandidatar (slik som ein del fellesfag som
matte 1 på bla. siv.ing) skjønar eg at det ikkje er gjort i ei handvending
å rette alle skikkeleg... Det er berre det eg påpeikar.
> Forøvrig har sensurproblematikken vært oppe til diskusjon i hele NTNUs
> levetid uten at det noensinne har blitt noen bedring. Istedetfor å klage
> over en straffementalitet ved NTNU, vil jeg heller påstå at det kanskje er
> på tide at enkelte ansatte ved institusjonen oppdager at de har en
> arbeidsgiver og at det kan stilles krav til at jobben de er satt til skal
> gjennomføres. Det virker jo tidvis som alt burde gi merlønn eller andre
> incentiver. Men hva skal egentlig grunnlønna da gå til?
Eg trur fleirtalet av dei faglærarar eg har våre i kontakt med trur eg tek
jobben sin ganske seriøst. Kanskje ikkje alle, men dei fleste.
-roger
> Mvh
> Sindre
> Roger Birkeland wrote:
> > Ivar S. Ertesvåg wrote:
> > > Norvald H. Ryeng:
> > > > I et leserbrev til Universitetsavisa foreslår Terje Midtbø at man
> > > > skal ta i bruk eksamensark med en original og to kopier. Jeg tror
> > > > det er en dårlig idé av følgende årsaker:
> > > >
> > > > - Det blir umulig å viske/bruke korrekturlakk
> > > > - Man må skrive mye hardere (kopiene blir ofte veldig dårlige)
> > > > - Det blir vanskelig å bruke blyant (spissen vil knekke)
> > > >
> > > > Det finnes sikkert flere gode grunner til ikke å gjøre dette.
> > > >
> > > Ein grunn (- eg har ikkje sagt "god") er at ordninga med ekstern sensor
> > > vil gå ut. Etter dei nye retningslinjene er det nok at éin person rettar
> > > og set karakter.
> > > I tillegg skal vurderingskriteria drøftast "med en sensor etter
> > > faglærers valg av kategori". Dette kan vere ein kollega eller ein
> > > stipendiat/vit.ass.
> > > Styret har vedteke at tidsfristen er viktigare enn kvaliteten.
> > Eg må seie meg heilt einig her. Skjønar ikkje at det er så ille om
> > sensuren vert litt forseinka, berre den vert rett, fornuftig og
> > rettferdig. Det er framleis ganske lang tid mellom vår-eksamen og konte,
> > tippar ingen les på konte i starten av juli likevel. Det er meir
> > frustrerande å gå å vente på ei eventuell klagesak, men no ser det ut til
> > at IME iallefall prøver å gjere det skikkeleg med sakssystem på web og
> > greier. Framgang!
> > Det må vel vere både vår beste interesse som studentar, NTNU som anerkjend
> > utdanningsinstitusjon og faglærarar med fagleg integritet, at sensuren
> > vert utført på ein skikkeleg måte, og at eksamen faktisk vurderar
> > studenten i faget. (Det siste stiller eg meg etterkvart litt tvilande til,
> > då det på meg virkar som om mange av eksamenane mine går over til å rekne
> > stygge integral og bruke triks frå matte 2 og matte 3 framfor å greie ut
> > om sentrale emne i faget, men det er ein annan diskusjon) Når eksamen no
> > varar i heile _fire_ timar, så bør kvaliteten vere viktigast. Det er ikkje
> > lange tida ein har å vise kva ein kan som eksamenskandidat. Då bør det i
> > det minste bli vurdert skikkeleg.
> > Roger Birkeland,
> > 3. år elektronikk