Eksamensark med to kopier

Roger Birkeland rogerbi at stud.ntnu.no
Wed Jun 1 00:48:02 2005


Ivar S. Ertesvåg wrote:

> Norvald H. Ryeng:

> > I et leserbrev til Universitetsavisa foreslår Terje Midtbø at man
> > skal ta i bruk eksamensark med en original og to kopier. Jeg tror
> > det er en dårlig idé av følgende årsaker:
> > 
> >  - Det blir umulig å viske/bruke korrekturlakk
> >  - Man må skrive mye hardere (kopiene blir ofte veldig dårlige)
> >  - Det blir vanskelig å bruke blyant (spissen vil knekke)
> > 
> > Det finnes sikkert flere gode grunner til ikke å gjøre dette.
> > 
> Ein grunn (- eg har ikkje sagt "god") er at ordninga med ekstern sensor 
> vil gå ut. Etter dei nye retningslinjene er det nok at éin person rettar 
> og set karakter.
> I tillegg skal vurderingskriteria drøftast "med en sensor etter 
> faglærers valg av kategori". Dette kan vere ein kollega eller ein 
> stipendiat/vit.ass.

> Styret har vedteke at tidsfristen er viktigare enn kvaliteten.

Eg må seie meg heilt einig her. Skjønar ikkje at det er så ille om
sensuren vert litt forseinka, berre den vert rett, fornuftig og
rettferdig. Det er framleis ganske lang tid mellom vår-eksamen og konte,
tippar ingen les på konte i starten av juli likevel. Det er meir
frustrerande å gå å vente på ei eventuell klagesak, men no ser det ut til
at IME iallefall prøver å gjere det skikkeleg med sakssystem på web og
greier. Framgang!

Det må vel vere både vår beste interesse som studentar, NTNU som anerkjend
utdanningsinstitusjon og faglærarar med fagleg integritet, at sensuren
vert utført på ein skikkeleg måte, og at eksamen faktisk vurderar
studenten i faget. (Det siste stiller eg meg etterkvart litt tvilande til,
då det på meg virkar som om mange av eksamenane mine går over til å rekne
stygge integral og bruke triks frå matte 2 og matte 3 framfor å greie ut
om sentrale emne i faget, men det er ein annan diskusjon) Når eksamen no
varar i heile _fire_ timar, så bør kvaliteten vere viktigast. Det er ikkje
lange tida ein har å vise kva ein kan som eksamenskandidat. Då bør det i
det minste bli vurdert skikkeleg. 

Roger Birkeland, 
3. år elektronikk