Lite samarbeidsvillige ansatte på IDI
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200502 at pvv.ntnu.no
Mon Jan 10 14:36:03 2005
I artikkel <crtsdd$qmd$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv UserAnonymous <anon@stud.ntnu.no>:
> Sutrekopper er dere like godt kvalifiserte til å være.
Ja, me lærer av studentane her på ntnu.fritt-forum: Nøkterne fakta =
sutring, ikkje sant? Medan «eg vil ha meir, rettleiaren min tek seg ikkje
god nok tid til meg, kvifor kan han ikkje berre forska mindre, ja han må
forska mindre og bry seg om _meg_, for slikt kan han styra sjølv» er alt
anna enn sutring. :)
> Dessuten tjener vel NTNU på at studentene får gode karakterer, det gir jo
> sannsynligvis bedre og mer motiverte ansatte 10 år senere,
Eg er lei for å skuffa deg, men det er ikkje slik det fungerer. So lenge
institutta balanserer på sveltegrensa her og no, og so lenge
finansieringsmodellen baserer seg på masseproduksjon av eksamenar og
artiklar, må me berre forhalda oss til det. Elles er det ikkje noko
institutt å venda tilbake til om 10 år.
Dei som held ut som studentar og mellombels tilsette i alle desse åra, vil
verta motiverte tilsette av heilt andre grunnar enn karrieremedgangen.
Sjølv har eg vore mellombels tilsett i ti år, og har ikkje utsikter til
fast stilling i overskodeleg framtid. Dette har eg sams med mange andre i
den gruppa som du har omtala som folk som sit i «en skjermet tilværelse».
(Universiteta er faktisk mellom dei institusjonane i det norske
arbeidslivet som har høgst prosentdel med mellombels tilsette og lågast
med fast tilsette.)
> siden de
> lovende studentene ofte vil returnere tilbake til Gløshaugen og dytte vekk
> de gamle sutrekoppene som teller kroner og øre og regner timelønn.
Timeløna var det vel ein student som kom trekkjande med... Dei tilsette
har vel berre snakka om kor mykje arbeid dei gjer som ikkje er synleg for
studentane, slik at studentane fort kan tru at dei tilsette berre har
studentar å taka seg av. Ja, og so var det ein tilsett og kom med ei
faktaopplysning til studenten som rekna timeløn.
Men når ein typisk stillingsinstruks, som folk får betalt for å utøva,
inneheld ca. 50 % forsking og resten fordelt på administasjon og
undervisning, og når det er viktig for deg at folk skal gjera det som dei
er betalte for å gjera -- kvifor meiner du då at folk skal sløyfa
halvparten av det som dei er betalte for å gjera, til fordel for
studentane, og til økonomisk ulempe for institutta og dermed til ulempe
for neste studentkull?
Er det ikkje betre då å krevja fleire tilsette?
Jardar