Lite samarbeidsvillige ansatte på IDI
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200502 at pvv.ntnu.no
Mon Jan 10 11:26:01 2005
I artikkel <crsbii$vif$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv UserAnonymous <anon@stud.ntnu.no>:
> De universitetsansatte trenger ikke å projisere sitt arbeidspress opp mot
> det private,
I det private har dei i det minste ikkje studentar...
> de bør gjøre jobben sin først og fremst for studentene og
> ikke tenke på kun seg selv og forskningen sin.
Men då taper jo instituttet pengar. Og utan pengar vert det ikkje råd til
gjesteførelesarar, og det vert ikkje reisepengar til dei tilsette som har
tenkt seg på konferansar og oppdatera seg og andre. Dette vil igjen gå ut
over studentane, saman med at undervisninga ikkje lenger vert
forskingsbasert... (Det er jo det siste som skil eit universitet frå ein
skule.) Merk òg at i alle politiske dokument om universiteta er det
samarbeidet med næringslivet som sit i høgsetet. Studentane er berre stoff
for festtalane.
> I alle fall i de nevnte
> periodene av året. Om sommeren kan de forske hvor mye de vil, stort sett
> hele desember og januar har vel heller laber aktivitet.
Eh, i november byrjar me å laga eksamensoppgåver, i desember er det
eksamen, og eg er ikkje ferdig med siste sensuren før 17. januar, trass
i at eg tok joleferien til hjelp... I januar, før semesterstart, plar ein
gjerne å førebu undervisninga.
Før i tida var det òg vanleg å forska om sumaren (bortsett frå i
fellesferien) og reisa på konferanse tidleeg på hausten. Men no er
semesterstart om hausten lagd til den tyngste konferansesesongen. (Nokre
utset difor kursa sine med nokre veker om hausten, slik at dei rekk både
konferansar og undervisningsplanlegging.)
Når det gjeld forsking, er det elles ikkje alltid like greitt å berre
stappa det ned imellom undervisningstimane. Før undervisning planlegg ein
undervisninga, etter undervisning er ein som regel kaputt i toppen og
svært lite kreativ. Ein treng ofte å ha «all verdas» tid på seg når ein
skal forska, utan avbrot og forstyrringar i tankerekkjene. Eg fekk arbeidt
litt med ein artikkel i haust, for på måndagane hadde eg all verdas tid på
meg, utan undervisning og utan planlegging av undervisning. Problemet då
var at etter å ha pendla mellom to-tre fag resten av veka måtte eg setja
meg inn i artikkelstoffet mitt på nytt kvar einaste måndag.
Ikkje dermed sagt at det ikkje lèt seg gjera å kombinera undervisning og
forsking dersom ein har ei stilling med noko mindre undervisning enn eg
hadde i haust. For all del. Men det kan vera greitt å oppklara nokre
mistydingar om når det finst tid for forsking.
> Mens de setter seg disse målene bør de likevel
> huske på at deres skjermede tilværelse hos NTNU er gitt på Statens nåde i
> det å gjøre jobben sin og produsere studenter av god kvalitet..
Kva som er so skjerma, veit eg ikkje, for folk som er sette til å forska,
må undervisa stendig meir, slik at det vert stendig mindre forsking. Ikkje
spesielt moro. Men som sagt når det gjeld det å gjera jobben sin «og
produsere studenter av god kvalitet»: Institutta tener ikkje pengar på at
studentane får gode karakterar. Institutta tener pengar på å produsera
artiklar og mange uteksaminerte studentar, uavhengig av karakterane. Og
den grunnleggjande aktiviteten til universiteta er etter lov- og regelverk
å forska.
Dei skuldige er politikarane, som ikkje vil tilsetja fleire undervisarar,
trass i den sokalla satsinga på undervisning og forsking.
Jardar