Re: Lite samarbeidsvillige ansatte på IDI

Asbjørn Sæbø asbjs at stud.ntnu.no
Thu Jan 6 15:56:01 2005


anon@stud.ntnu.no (UserAnonymous) writes:

For alt eg veit kan du ha rett i mykje av det du skriv, og verkeleg ha
komme ut for ein vegleiar som ikkje gjer jobben sin.  Det kan eg ikkje
vite noko om, eller ta stilling til.  Men eg vil gjerne kommentere eit
par av tinga du skriv.


> NTNU er og forblir en statlig institusjon.  Hovedansvaret er å
> utdanne studenter.

NTNU er ein statleg institusjon.  Men det følgjer ikkje logisk av det
at hovudansvaret er å utdanne studentar.


> Hvis man ønsker kun å drive med forskningen sin, [...]

Ein professor er pålagt to oppgaver: Undervisning og forsking.  Eg har
ikkje sett nokon stad at undervisninga skal vere eit "hovudansvar" av
desse to.  

I praksis kjem administrasjon av ulike slag i tillegg til til
undervisning og forsking.  Dersom vi startar med ei vanleg arbeidsveke
og trekkjer frå lunsjpauser og administrasjon kan vi seie at vi er
nede i tretti, eller kanskje tjuefem timar. Av dette skal halvparten,
tolv-femten timar, gå til undervisning.

Ein professor underviser normalt eit "vanleg" fag kvart semester.  Det
er tre undervisningstimar i veka, med det som blir rekna som vanleg
tid til førebuing går det med ni timar der.  Så skal det undervisast
eit doktorfag, som og tek fleire timar kvar veke.  Det som står att
då, mellom ingenting og lite, kan brukast til vegleiing av
stipendiatar, hovudoppgaver, semesteroppgaver og tilfeldige studentar
som kjem innom for å spørje om noko.

Som du skjønnar, det _er_ mykje å gjere for faglærarane.  (Eg er ikkje
det.)  Sjølv om dei reduserar på forskinga i semestera, så blir det
ofte likevel ikkje mykje tid til studentar.


> Før ansatte tar inn over seg at de får lønn for å gjøre spesifikke
> oppgaver som å veilede, [...]

Det er ut som om du har litt vanskeleg for å forstå at det å vegleie
er berre ei av _mange_ oppgaver dei vitenskaplege tilsette er pålagt.



Asbjørn
-- 
Asbjørn Sæbø, post.doc. 
Centre for Quantifiable Quality of Service in Communication Systems
Norwegian University of Science and Technology
<URL: http://www.q2s.ntnu.no/ >