Lite samarbeidsvillige ansatte på IDI

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200501 at pvv.ntnu.no
Thu Jan 6 15:01:01 2005


I artikkel <crja4b$qjt$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv UserAnonymous <anon@stud.ntnu.no>:

> Men du kjenner ikke min veileder, som jeg av hensyn
> ikke vil navngi.

Noko som òg gjer det vanskeleg å uttala seg anna enn på generelt grunnlag: 
Kvalitetsreforma har ført til mykje meir arbeid utan at det har vorte 
tilført meir midlar til t.d. fleire tilsette. Samstundes er institutta 
gjorde økonomisk avhengige av å uteksaminera mange kandidatar (karakterar 
er ikkje viktige) og publisera mange artiklar.

> NTNU er og forblir en statlig institusjon.
> Hovedansvaret er å utdanne studenter. Hvis man ønsker kun å drive med
> forskningen sin, kan man søke seg over til mer utsatte stillinger, som
> feks. i SINTEF, hvor jeg vet man sparker folk nå.

Universiteta har etter lov- og regelverk som hovudoppgåve å forska, 
undervisa og elles formidla. Det er avgjerande at undervisninga er 
forskingsbasert. Den grunnleggjande oppgåva er dermed forsking.

Og økonomien er, som eg har gjort greie for, av ein slik karakter at han 
oppmodar til stor studentgjennomstrøyming og stor artikkelproduksjon, men 
ikkje til god oppfylging av studentane, trass i «Kvalitetsreforma».

> Før ansatte tar inn over seg at de får lønn for å gjøre spesifikke
> oppgaver som å veilede, betyr det at de hever lønn fra staten hvor deler
> er urettmessig tildelt.

Stillingsinstruksane er sette saman av so og so mange prosent undervisning 
og so og so mange prosent forsking. I praksis ser me at folk forskar i 
helgane fordi vekene går med til undervisning. Kvalitetsreform? Gjev oss 
fleire faste stillingar! 37,5 timar er i alle fall ikkje nok. Studentane 
føler at dei får for lite merksemd frå lærarane sine, og det trass i at 
undervisarane bruker meir tid på undervisning enn dei eigentleg skal, slik 
at forskinga vert gjord unna på fritida.

Eg har elles all forståing for at du ynskjer å vera anonym. Men vit at det 
er ikkje berre me unge i mellombels stilling som slit med arbeidsmengda. Å 
sitja som forskar/undervisar etter «Kvalitetsreforma» på eit underbemanna 
norsk universitet, og i tillegg ha åtte masterstudentar, det høyrest for 
meg ut som ei oppgåve som er umogeleg å gjennomføra på 37,5 timar i veka. 
Skal vedkomande rettleiar halda seg til 37,5, må sjølvsagt noko kuttast 
ut, og etter gjeldande finansieringsmodell er det minst skadeleg for 
institusjonen å taka lett på studentoppfylginga.

Elles:

> Før ansatte tar inn over seg at de får lønn for å gjøre spesifikke
> oppgaver som å veilede,

Pengane som rettleiarane får for rettleiingsarbeidet, vert ikkje utbetalt 
som løn, men på faglege kontoar som kan brukast til fagleg utstyr o.l., 
slik at det i praksis ofte er heile instituttet som nyt godt av det. Dei 
pengane som den individuelle rettleiaren ikkje sjølv tek ut i utsyr o.l., 
vert overførte til instituttet som heilskap.

Det kan elles nemnast at sjølv om studieplanen for mange emne på 
bachelornivå inneheld passusar om «semesteroppgåve under rettleiing», so 
var ikkje dette nemnt med eitt ord i kontrakten min i fjor haust. (I 
inneverande semester har eg ikkje undervisning.)

Jardar