Lite samarbeidsvillige ansatte på IDI

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200501 at pvv.ntnu.no
Tue Jan 4 12:26:03 2005


I artikkel <crdquo$od6$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv UserAnonymous <anon@stud.ntnu.no>:

> Jeg mente ikke å kritisere studieveilederen for hele IDI-NTNU, jeg må ha
> brukt feil term her. Jeg mente veilederen hver enkelt har på 5. året.
> Du nevner de som har ca. 8 stk. studenter på hver veileder, det er disse
> jeg
> vil til livs. Du sier her at det er mye arbeid på hver veileder, men da
> virker
> det i alle fall som kanskje veilederen ikke får satt av sine ca. 10% av
> tid for meg.
> 
> Uviljen ligger i at de vitenskapelige ansatte tydeligvis har det så
> travelt at masterstudentene havner i andre rekke. Hva de ansatte velger å
> putte i første rekke er deres eget valg.

Ikkje heilt deira eige val. Mellom anna skal dei både undervisa og forska, 
i tillegg til å rota rundt med alskens byråkrati som er dei pålagde.

No er eg korkje fast tilsett eller rettleiar for masterstudentar, og ikkje 
er eg på IDI heller, men:

Førre semester førelas eg i eit 7,5-poengsemne med fem studentar som 
skulle skriva semesteroppgåve under rettleiing. Å skriva førelesingar tek 
tid. Å førebu øvingstimar tek tid. Tre undervisningstimar (førelesing + 
øving) førebudde eg jamt på 6-8 timar på førehand. Seier me 7, utgjorde 
tre undervisningstimar til saman 10 arbeidstimar i veka. At undervisning 
er interessant og fagleg utfordrande, er sjølvsagt ikkje noko som 
reduserer tidsbruken. :)

Etter ei førelesing var eg sjeldan i stand til å vera særleg produktiv 
eller konstruktiv. (Undervisning er gjevande, men det er slitsamt òg.)

Semesteroppgåvene skulle altso skrivast under rettleiing. Dette var veldig 
lærerikt for meg, ikkje minst fagleg (studentar er stundom heilt geniale, 
skal eg seria deg!). Men det innebar at eg måtte lesa utkast og gjera meg 
opp meiningar om dei, og helst utan å blanda saman dei fem ulike 
semesteroppgåvene. Korleis kan desse semesteroppgåva disponerast betre? 
Kva har studenten problem med? Kva har studenten full kontroll med? Finst 
det relevant litteratur å fôra studenten med?

Å setja seg inn i eit resonnement i ei semesteroppgåve tek tid. Å setja 
seg inn i eit nytt resonnement i ei ny semesteroppgåve like etterpå lèt 
seg ikkje gjera utan at det vert kluss. Å setja seg inn i fem ulike 
resonnement lèt seg gjera, men ikkje å halda oversikta ved like frå gong 
til gong, difor må ein i praksis setja seg inn i det meir eller mindre på 
nytt kvar gong eit nytt utkast kjem. Å lesa semesteroppgåve-utkast for å 
gjeva respons, det er ein heilt annan lesemåte enn å lesa artiklar for 
berre å læra noko.

Om eg brukte eit par hurtigarbeidande timar på kvar semesteroppgåve kvar 
gong eg fekk inn eit utkast (medrekna rettleiinga), og om eg fekk inn eitt 
utkast av kvar oppgåve i veka, so svarar det til ca. ti timar i veka.

Då er me oppe i ca. 20 timar i veka på berre dette eine emnet. Eg hadde òg 
andre undervisningsoppdrag (der eg rett nok ikkje hadde semesteroppgåver å 
taka meg av, men øvingar med m.a. retting av til saman 127 obligatoriske 
oppgåver og ekstrarettleiing av 19 studentar på det eine emnet).

I tillegg tok eg noko utdanning i samband med jobben. Og eg skulle 
forska/skriva artiklar (prøv å setja deg inn i ditt eige reonnement på 
nytt kvar måndag når du endeleg har tid igjen til å skriva vidare på 
artikkelen din). Jamvel om eg prøvde å skjerma helgane av omsyn til 
familien, vart det syrgjeleg lite fritid på meg. I periodar kunne eg ikkje 
eingong sitja på kontoret og arbeida, men måtte arbeida heimanfrå for å få 
«fri» frå studentstraumen på kontordøra mi. Ikkje fordi eg ville unngå 
studentrelatert arbeid, men for i det heile teke å få tid til å førebu 
førelesingar og lesa semesteroppgåver og øvingar. I desse periodane måtte 
eg sjølvsagt òg unngå å sjekka mail (største sendargruppa, bortsett frå 
spammarar og postlister som eg er på, var studentar som stilte til dels 
intrikate spørsmål som det var både moro og tidkrevjande å svara på).

Fem semesteroppgåver er småtteri å rettleia i forhold til åtte 
masteroppgåver og eventuelle doktoravhandlingar attpå. Kva meiner du at 
rettleiaren din skal gjera? Sløyfa litt undervisning og fire 
masteroppgåver for å få nok tid til deg? Eller trur du verkeleg at 
førelesarar og rettleiarar ikkje arbeider meir enn i dei få minutta du 
møter dei?

Med fare for å vera uhøfleg treffsikker: Du heiter ikkje Kristin Clemet, 
vel?

Jardar