Klaging
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200534 at pvv.ntnu.no
Mon Aug 22 20:48:05 2005
I artikkel <slrndgjiq3.prt.sveinhal+trusa@sylow.math.ntnu.no>
skreiv Svein Halvor Halvorsen <sveinhal+trusa@buksa.stud.math.ntnu.no>:
> Mener du at det ikke er den allmenne oppfatningen blant fagstaben
> at klagen ikke nødvendigvis er grundigere? Siden du påpeker at du
> snakker for deg selv?
Ei litt vanskeleg setning å forstå, det der, men som fagstabperson har eg
absolutt det inntrykket at anten det er ordinær sensur eller klagesensur,
vil fagfolet gjera ein grundig og samvitsfull jobb. Ein vil ikkje med
overlegg vera mindre grundig på orinær sensur enn på klagesensur, slik
somme studentar ser ut til å ynskja.
Men eg tykkjer heile spørsmålet om «grundig» sensur er veldig rart.
For når ein sensurerer, kan ein ikkje vera mindre grundig enn at ein
klarer å danna seg eit godt nok inntrykk til å kunna setja ein karakter.
Det er ikkje slik at di meir overflatisk ein les, di lettare er det å
«finna seg ein karakter» å føra på sensurskjemaet. Heller tvert imot.
Dermed skjønar eg ikkje heilt kva «grundig» sensur skal tyda, anna enn at
somme oppgåvesvar er vanskelegare å vurdera enn andre.
Skal ein klara å setja ein karakter, må ein naudsynleg setja seg inn i den
teksten ein skal setja karakter på -- elles klarer ein ikkje å setja nokon
karakter i det heile teke. Og ja, stundom må ein arbeida lenger med det
enn andre tider før ein klarer å setja ein karakter (ikkje minst når
nivået er ujamt og svingar frå oppgåve til oppgåve).
Det tyder i praksis at kor «grundig» ein er, er sjølvregulerande. Di
vanskelegare det er å setja seg godt nok inn i det til å bestemma seg for
ein karakter, di meir tid og krefter bruker ein på det, for elles vert det
ikkje nokon karakter, og ein har ikkje gjort jobben sin. Eg har vore borte
i vanskelege avvegingar om A mot B, men òg om D mot E (og jamvel E mot F).
Om karakteren er god eller dårleg, treng ikkje ha noko å seia for kor
vanskeleg det er å setja karakteren.
Og dermed: Når ein har klart å setja seg godt nok inn i materien til å
setja ein karakter, skjønar eg ikkje heilt kva som skal til for å gjera
det endå meir grundig... Det er jo nettopp det å setja seg inn det som
studenten har skrive (og sjå det i lys av karakterkriteria), som _er_
arbeidet.
Alt i alt: Eg skjønar ikkje kva ein «grundig» sensur er for noko i
praksis, anna enn at ein naturlegvis bruker lengre tid når studenten har
skrive noko som ikkje er heilt tydeleg på kva nivå det sorterer under. Men
dette regulerer seg jo sjølv.
Og at karakteren vil kunna variera mellom 1. og 2. sensur, heng jo saman
med at dei ulike sensorane kan leggja vekt på ulike ting, utan at ein av
den grunn kan seia at det eine er objektivt rettare enn det andre. Kor
«grundig» ein er, har lite å seia for kva ein vel å leggja vekt på.
Jardar