framtidsretta

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200516 at pvv.ntnu.no
Fri Apr 29 20:48:02 2005


I artikkel <d4tm41$vja$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv Brynjulf Owren <brynjulf.owren@math.ntnu.no>:

> Vel, det er kanskje ikke ikke så mye mer framtidsretta å aldri komme
> seg videre i forhold til en beslutning tatt i 1996, uansett hvor gal den
> måtte ha vært.

Somme sit fast i 1995/1996, ja, og har den vrangførestellinga at når nokon 
er misnøgd med noko i 2005, so vil vedkomande tilbake til 1995.

Personleg lurer eg på kvifor folk er so endrings-uviljuge at dei motset 
seg å gjera NTNU om til eit _skikkeleg_ universitet (eller to). Med all 
den faglege kompetansen me har (med nasjonalt eine- og hovudansvar for 
saker og ting på Dragvoll òg, om nokon var i tvil), ville det vera mykje 
meir framtidsretta med eit godt samarbeidande universitet heller enn å 
lata det teknisk-naturvitskaplege overskyggja den store kunnskapsrikdomen. 

(Minner meg forresten om Europas språklege skattkiste, Italia med over 30 
språk, som har valt å skjula skatten, har meir eller mindre forbode dei 
fleste språka, og vel å insistera på at berre standarditaliensk er verdt å 
samla på, språket som nesten ingen kunne for hundre år sidan.)

Men greitt nok, kvifor er det legitimt å vilja ha ei endring til det betre 
sånn stort sett (det vil vel dei fleste), men illegitimt dersom det kom 
ei endring til det verre i 1995-96?

Det eg gjerne vil ha, er:

- Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
- Norsk universitet for kultur og samfunn (el.l.)
- eit tett samarbeid mellom dei to av den typen som berre er mogeleg i 
  Trondheim

Då vert alle nøgde, og alle kan identifisera seg med heile arbeidsplassen 
sin, og ikkje berre faget sitt, slik det er no. (Somme vil alltid gjeva 
publikum skulda når publikum har problem med å identifisera seg med 
produktet. Her på huset har dette vore på moten dei siste ti åra.)

Og sei ikkje at det ville vera eit søkt framlegg. Hugs kva som skjedde i 
1995: Det var so søkt at for å få det til måtte dei til og med juksa med 
høyringane, lyga i NOU-en, triksa med møtereferat, og nekta å greia ut 
noko som helst før sjølve vedtaket. Mange av stortingsrepresentantane som 
me snakka med dei dagane, visste ikkje eingong at den institusjonen som 
dei no hadde vedteke, hadde andre fag enn teknologi og naturfag.

So alt er mogeleg, om ein berre er i stand til å sjå framover, og ikkje 
sit fast i 1995-vedtaket, slik somme reaksjonære gjer.

Jardar