Mer om karaktersystemet
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200421 at pvv.ntnu.no
Tue May 25 12:56:02 2004
I artikkel <slrncb613q.mo3.sgunderson@trofast.sesse.net>
skreiv Steinar H. Gunderson <sgunderson@bigfoot.com>:
> Kan man klage på en klage? På NTNU er i hvert fall klageresultatet endelig...
Dersom formalitetane er tvilsame, t.d. dersom klagekommisjonen ikkje har
hatt to kvalifiserte sensorar til å kvalitetssikra vurderinga av kvar
einskilde eksamensoppgåve, bør du prøva å klaga på klagebehandlinga.
Undersøk difor slike forhold dersom du er misnøgd med den nye karakteren
din. På munnlegeksamen skal det òg vera to kvalifiserte sensorar innanfor
alt som du vert eksaminert om. (Om du tek ein kombinert munnlegeksamen i
matematikk og tysk litteratur, held det altso ikkje med éin
matematikksensor og éin tysksensor. Eg trur forresten ikkje at ein slik
kombinert matte-tysk-eksamen finst.)
Slurv med slikt kan vera særleg aktuelt på eksamenar som er eit samarbeid
mellom fleire fagmiljø (typisk då med oppgåvesett der éin av sensorane er
kvalifisert til å vurdera nokre men ikkje alle oppgåvene), men der studiet
ikkje får tildelt ressursar til forskriftsmessig eksamensavvikling.
Kor utbreitt dette er, veit eg derimot ikkje. Men du kan altso ha «flaks».
(Merk at på ordinær skriftleg eksamen held det med éin sensor. Det er i
klagekommisjonane og under munnleg eksamen det skal vera to.)
Det kan uansett vera ein god idé å snakka med sensor for å få vita kva som
gjekk gale. Det hender seg at det ikkje er so stor vits i å klaga i
utgangspunktet.
Jardar