Studpost?

Bjørnar Holmem holmem at stud.ntnu.no
Wed Mar 24 00:01:04 2004


Tor Arne Benjaminsen <bnrarot@duts.untn.on> wrote:
> On Tue, 23 Mar 2004, Norvald H. Ryeng wrote:

> Studpost hadde nok en funksjon en gang, men sakker vel mer og mer akterut
> for email. Jeg ser for meg at det vil gå noen år (5-10?) med stønn og ynk
> fra internposten, og så blir hele systemet avviklet. De få tingene man
> trenger å få i papirform burde kunne gå i ordinær post.

Eg går på Dragvoll, og der har vi fått semesterkort i posten iallfall dei
siste 2 1/2 åra. Før det fekk vi kortet direkte utskrive frå ein
oppmeldingsautomat. Alle andre papir om semesteroppmelding o.l. kjem også
i ordinær post. 

Studpost på Dragvoll eksisterer faktisk, men eg trur ikkje det er mange
utanom meg som veit om det. Det er ei trehylle med 30 hyller i (ei for
kvar bokstav + ei til) som er full av gammal post. I tillegg blir hylla
flytta rundt ikring med jamne og ujamne mellomrom, så ordninga er
upraktisk, for å seie det mildt. Eg har aldri fått studpost (trur eg) og
har aldri sakna det heller. Eg synest det er på tide at den
teknisk-naturvitskaplege delen av universitetet snart tek etter den "frie"
delen (kvantitetsreform schmantitetsreform) og avviklar studpostordninga.

-- 
Bjørnar Holmem
12inches.come.to * bjornar.holmem@samfundet.no * 996 28 226