Clemet vil kutte ut nynorsk
Sturla Molden
sturla at molden.net
Tue Mar 16 19:56:04 2004
On Tue, 16 Mar 2004 18:04:26 +0100, Leif Christian Larsen wrote:
> være. Nynorsk begrenser ordforrådet ved å droppe vanlige ord med tyske
> forstavelser
Ein ting til: Har du tenkt over kva ord som "ikkje finst"
på nynorsk? Det er einskilde substantiv. Og desse substantiva
vert brukt til å lage dårleg språk, både på nynorsk og bokmål.
Ta t.d. eit ord som "forsnakkelse". Dersom nokon skriv "det
oppstod en forsnakkelse" på bokmål, meiner dei å uttrykkje
at nokon forsnakka seg. Både på bokmål og nynorsk er det
betre å bruke verbet "forsnakke seg" i staden for å
substantivet "forsnakkelse". Rett nok finst ordet i substantiv-
form på nynorsk òg (forsnakking), men ein bør ikkje bruke det
på den måten bokmålselevar brukar "forsnakkelse".
Men "det oppstod en forsnakkelse" er like sjuk bokmål
som "det oppstod ei forsnakking" er sjuk nynorsk.
Men når det står skrive på nynorsk er sjukdomen lettare
å høyre. Det er difor nynorsk er kuren mot dårleg norsk,
òg mot dårleg bokmål. Problemet er nettopp at "bokmålselevar"
brukar substantiv som "forsnakkelse" i staden for å uttrykkje
seg med verbet "forsnakke seg".
I Grunnlova ser du korleis kansellistil skal skrivast. Det
er ikkje sant at all substantivering gir sjukt språk.
Men dei som forfatta Grunnlova var ekspertar i grammatikk.
I dag finst det ikkje levande folk att som kan skrive med
substantiv på den måten vart gjort i Grunnlova. Det same
kan du sjå i Straffelova. Det som er att fra 1905 er lett
å lesa og lett å forstå. Det som er lagt til seinare gjer
vondt å lesa. Dersom nokon i dag prøver seg på kansellistil
blir utfallet særs dårleg norsk. Anten må bokmålselevar
verte betre i nynorsk, eller så må dei pugge like mykje
grammatikk som for 200 år sia. Og då trur eg faktisk dei
vel nynorsk. Ord som sluttar på -het eller -else har dei
ikkje bruk for, ei heller når dei skriv bokmål.
Ord med lågtyske forstavingar finst i nynorsk òg.
S.M.