Clemet vil kutte ut nynorsk
Sturla Molden
sturla at molden.net
Tue Mar 16 17:21:03 2004
On Tue, 16 Mar 2004 14:16:39 +0100, Leif Christian Larsen wrote:
> Hvis du heller vil ansette en med 3 i nynorsk og bokmål enn en med 5 i
> bokmål og evne til å lese nynorsk (men uten karakter), sett i gang. Jeg
> sier bare at jeg aldri ville gjort det samme. Vi kan være enige om at vi
> er uenige.
Eg trur ikkje du har forstått tydinga av snittkarakter.
Snittkarakteren er 3, fordi han er definert til å vera 3.
Dersom snittet byrjar å gå opp, vert karaktergrensene
justert etter. Difor er ikkje snittkarakter eit godt mål
på noko som helst. Vi kan godt vera samde om at med dagens
nivå er ikkje 3 i norsk noko å skryte av.
Men det er ikkje nynorsken si skuld. Nynorsk kan vera
kuren mot dårleg bokmål. Nynorsk gjer substantivsjuke,
passiv form, o.l. meir synleg. Dersom elevane fekk lov
til å sleppe å skrive nynorsk ville dei verte endå
dårlegare til å skrive bokmål. Det som er eit problem
er at nynorsk vert undervist som framandspråk.
S.M.